posten.no

Frimerkeprogram 2007

6 februar - Valentins dag

To ansikt. Saman formar dei eit hjarte, eller skal vi seie eitt hjarte. Motivet på valentinsfrimerket i år er som skapt til å følgje med ei kjærleg helsing.

Valentins dag er blitt ein hjartevarm suksess over heile verda. Noreg er ikkje noko unntak, dette er dagen då vi viser kjærleik og gjer litt ekstra stas på dei vi er glade i.

Sjølv om både telefon, tekstmeldingar og e-post er gode bodberarar, er det ingenting som overgår det ekte kjærleiksbrevet. Folk skriv framleis kjærleiksbrev, og det stemmer ikkje at det berre er kvinner som skriv dei. Menn er like romantiske. På Valentins dag skriv tusenvis av kvinner og menn kjærleiksbrev.

Men dagen rommar ikkje berre forelsking og kjærleik. Han er òg ei fin anledning til å sende ei helsing til ein god venn eller vise merksemd til eit menneske du set pris på. Nokre få ord er ofte nok. Orda er hyggelege å sende, og gjerne endå hyggelegare å få.

NK: 1633
Motiv: Hjarte og andlet
Kunstnar: Anne Kristin Hagesæther
Verdi: Kr 6,50 (valør A-prioritert Norge)
Opplag: 600 000 frimerke
Tal: Ark à 50 frimerke
Trykk: Offset frå Royal Joh. Enschedé, Nederland
Salspriser:
Førstedagsbrev kr 9,50
Presentasjonsfolder kr 11,50
Samlarsett kr 26,00
Samlarblad kr 26,50