posten.no

Frimerkeprogram 2009

2. januar - Ville dyr i Noreg IV

Rådyret er det minste av hjortedyra som er vanlege hos oss. I Noreg finn du det i alle fylke sør for Troms. Så seint som på 1800-talet var rådyr framleis sjeldne i Skandinavia.

Dei overlevde takk vere ein framsynt fredingsavtale mellom nokre skånske godseigarar. Etter det formeira dei seg godt, og rundt 1900 dukka dei opp i Noreg. Her spreidde dei seg like fort som i Sverige, og dei var totalfreda fram til 1927. Ekspansjonen er ikkje berre eit resultat av spreiingsevna til rådyret sjølv; mange stader er dei sette ut. Den overvintrande bestanden blir anslått til mellom 30 000 og 100 000 dyr, med ein hauststamme på heile 150 000. Normal levealder er 12–14 år.

Villreinen er for mange sjølve symbolet på høgfjellet. Sommarstid lever han eit fritt og misunningsverdig liv, men i mørket og kulden vinterstid kan han ha det tøft. Det er gjerne fjellreinen vi tenkjer på når vi snakkar om villrein. Men det finst andre slag rein òg, først og fremst skogsrein og svalbardrein. Hos oss har villreinen tilhald i Sør-Noreg, på begge sider av Langfjella og på Svalbard. Reinen er tilpassa dei harde livsvilkåra som dei snørike nordområda byr på. Han har klauver som ber godt på snøen og dessutan er eigna som ”snøskuffer” til å grave fram mat under snødekket med. Pelsen er tett, og inst ligg det luftfylte margceller. Denne kombinasjonen gjer at dyret toler temperaturar heilt ned i 40 kuldegrader utan å måtte auke stoffskiftet. Også når det gjeld mattilgang, er reinen spesialtilpassa. Lav er lettast å finne, og reinen har utvikla ein tarmflora som gjer det lett å fordøye og utnytte lavet. I Noreg (fastlandet) utgjer villreinstammen rundt 30 000 dyr, på Svalbard rundt 10 000. Normal levealder er inntil 18 år.

Rypa høyrer òg fjellet til. I Noreg finn du henne i fjellområde over heile landet, heile året. Rypa på frimerket er ei lirype. Gjennom året har lirypesteggen (hannen) fire ulike drakter. Den staselegaste er paringsdrakta om våren. Då er dei vinterkvite fjørene på hovud og hals felte, og nye, mørke fjører er komne fram. I slutten av april er rypa framleis kvit, men hovud, hals og kroregion er glinsande kastanjebrune og brunsvarte. Utover forsommaren skifter ho gradvis dei kvite ryggfjørene med brunspraglete fjører. I månadsskiftet juli/august tek haustdrakta til å komme fram, noko mørkare enn sommardrakta og med innslag av raudbrunt på hals og bryst. I september viser dei første vinterfjørene seg, og i løpet av oktober er rypa på ny vinterkvit. Høna følgjer stort sett det same mønsteret, men har inga spesiell vårdrakt. Det er daglengda som regulerer draktskiftet hos rypene. Dersom snøen lèt vente på seg, risikerer dei at vinterdrakta røper dei i staden for å kamuflere dei.

Motiv: Rådyr, rein, rype
Design: Inger Sandved Anfinsen
Foto: NK 1708:  Erlend Haarberg / NN / Samfoto, NK 1709: Dag Røttereng / NN / Samfoto, NK 1710: Bjørn Jørgensen / NN / Samfoto   
Verdi: Kr 11,50 – kr 15,50 – kr 25,00
Antall: Ark à 50 frimerker
Trykk: Offset fra Royal Joh. Enschedé, Nederland
Salgspriser:
Førstedagsbrev: kr 56,00
Presentasjonsfolder: kr 57,00
Samlersett: kr 118,00
Samlerblad: kr 72,00
Gullbrev: kr 95,00

Katalogside