Postkontora vert no moderniserte for å møte kundane sine behov framover. Overgang til elektronisk post og – banktenester er hovudårsak til at bruken av postkontora endrar seg.
– Bruksmønstra til kundane endrar seg. Difor endrar og Posten seg. No tek vi eit nytt, viktig steg for å sikre at sals- og servicenettet er tilpassa kundane sitt behov, seier konsernsjef Dag Mejdell i Posten Norge AS.
Frå 2003 har talet på kundebesøk hjå postkontora minka med rundt 20 prosent. I same periode er talet på banktransaksjonar over disk halvert.
Eitt til to årsverk pr. postkontor
Grunna nedgangen i kundebesøk har Posten behov for rundt 300 færre årsverk ved postkontora. Dette inneberer i gjennomsnitt
eitt til to årsverk ved kvart postkontor. Dei tilsette vert tekne hand om gjennom interne omstillingstiltak og ordningar.
– Vi ber om orsak for at endringane og fører med seg nedbemanning, men vi vil saman med dei tillitsvalde legge vekt på ei gjennomføring som gjev minst mogleg konsekvensar for den enkelte, seier Mejdell.
Posten si omstillingsavtale med fagforeiningane ligg til grunn for omstillinga.
Postkontora som vert lagde om i 2010 finn du her
179 postkontor
Moderniseringa vil etter planen omfatte 179 postkontor. Gjennom eit pilotprosjekt har Posten i 2009 modernisert ni postkontor.
I løpet av 2010 vil 65 postkontor verte moderniserte. Dette skal vere fullført i løpet av 2012.
Omlegginga betyr at fleire postkontor vert flytta til nye og mindre lokale. Ved alle postkontora skal drift og vareutval innrettast etter krava frå dagens kundar. Meir effektive butikkløysingar vil føre til at Posten samla kan redusere leigd areal med 35 000 kvm.
Posten vil bruke tre år på å gjennomføre omlegginga. Postkontora vil etter dette spegle dei framtidige behova til kundane, og samtidig legge til rette for meir rasjonell drift.