Frimerkeprogram 2007

15. juni - Norske fyrtårn II

I Postens serie om norske fyrtårn er det denne gongen Ona fyr i Romsdal og Tungeneset fyrlykt i Ersfjorden ved Senja i Troms som er valde som motiv.

Det første norske fyrlyset blei tent hausten 1655 ytst på Lindesneset, heilt sør i landet. Det var kjøpmann Povel Hanssøn i den nye byen Christiansand som fekk privilegium til å føre opp eit fyr på Lindesnes. Fyret skulle vere tent frå 10. august til 10. mars, og for dette kunne den driftige kjøpmannen innkassere ei avgift frå alle fartøy som lossa eller lasta mellom Bergen og Bohus. Men både fyrblusset og ekstra inntekta til kjøpmannen fekk kort levetid. Etter berre eitt år blei fyret sløkt, og deretter var det mørkt på neset i sytti år. Den norske fyrhistoria begynte altså ikkje berre seint, men òg litt nølande.

Som det andre fyret i Noreg blei det i 1696 bygd eit lite kolblussfyr på øya Store Færder ytst i Oslofjorden. Utover på 1700-talet blei det oppretta fleire, og fram til 1828 var det sett opp tolv fyr, alle ganske primitive og svaktlysande. Så blei det meir fart i sakene, og 1800 talet blei det store «fyrårhundret». Ikkje berre blei det bygd ei rekkje nye stasjonar, også bygnings og fyrteknologien gjennomgjekk ei rivande utvikling. På byrjinga av 1900-talet var det sett opp ca. 500 lykter langs norskekysten, og før andre verdskrigen hadde talet passert 2000. Fyrlyktene var berebjelken i det norske navigasjonssystemet gjennom store delar av 1900-talet.

Frå opne kolbluss, vokslys og tranlamper gjennom heile 1700-talet, og rapsolje, parafin, petroleum og gass på 1800-talet, tok elektrisitet gradvis over som energikjelde på fyra frå byrjinga av 1900-talet. Dei seinare åra er glødelampene skifta ut med energisparande halogenpærer, og fleire fyr blir drivne av solcellepanel eller vindgeneratorar.

Noreg var eitt av dei første landa som fekk installert radiofyr. Det skjedde i 1923, med Marconi-sendarar på Færder og Marsteinen fyr. I dag er det GPS (Global Positioning System) som rår. Fyrtenesta ber no preg av automatisering og nedbygging. Vi kan kanskje spørje om tida snart spring frå dei ein gong så livsviktige lyskjeldene. Det gjer ho nok ikkje. Norske fyr vil vise veg for sjøfarande heretter òg, men meir og meir i samspel med radar, elektroniske kart og satellittnavigering.

Nummer: 1656-57
Motiv: Ona fyr, Tungeneset fyrlykt
Kunstnar: Enzo Finger
Verdi: Kr 7,00 - kr 7,00 (valør A-prioritert innland)
Tal: Frimerkehefte á 10 frimerke
Trykk: Dyptrykk fra Royal Joh. Enschedé, Nederland
Salsprisar:
Førstedagsbrev: kr 17,00
Presentasjonsfoldar: kr 19,00
Samlarsett: kr 41,00
Samlarblad: kr 34,00