Mange nordmenn har det siste året fått oppfylt ønsket om å komme på frimerke. For Posten har lanseringa av Personlege frimerke blitt ein kjempesuksess. Hittil er det levert ca. 400 000 eksemplar, og nyvinninga har skapt positiv merksemd om både frimerket og brevet.
Bileta som blir sende inn for å bli frimerke, vitnar om stor kreativitet. Størst munterheit vekkjer nok mange av situasjonsbileta. Blant desse er blinkskotet bestefar har gjort av det blautkakeetande barnebarnet. Med krem og sjokoladefyll i solid omkrins rundt både munn og nase, er dette ein sikker vinnar som motiv på frimerka som skal pryde innbydinga til årets bursdagsselskap.
Forelska par er bokstaveleg talt òg eit heitt tema blant motiva. Vi finn turtelduer i alle aldrar, og det anar oss at vi her finn frimerke som kjem til å frankere brev med bodskapar om både forloving, bryllaup og gullbryllaup. I det heile teke motivgjengangarane viser nokon vi er glad i, anten det er den trulova, ektefellen, barnebarnet eller kjæledyret i familien. Blant «kjærleiksmotiva» har vi òg observert ein staseleg, nypolert veteranbil.
Mange bedrifter gjer bruk av frimerke til å profilere både logo og produkt. Ved lansering av eit nytt produkt får marknadsføringa liksom ein ekstra snert når salsbrevet kan frankerast med sjølve produktet. Inntrykk på mottakarane gjer det nok òg når dei får invitasjonen til jubileumsmiddagen i bedrifta, med menyen trykt på frimerket!
Nummer: NK1658
Motiv: Markjordbær
Kunstnar: Enzo Finger Verdi: Kr 7,00 (valør A-prioritert innland)
Tal: Ark à 20 frimerke
Trykk: Standardmotiv og ramme: 5 fargar offset frå Cartor i Frankrike. Frimerke med personleg motiv: Motivet blir trykt med blekkskrivar.
Frimerkeramma er trykt hos Cartor i Frankrike
Salsprisar:
Førstedagsbrev: kr 17,00
Presentasjonsfoldar: kr 19,00
Samlarsett: kr 41,00
Samlarblad: kr 34,00