I serien Ville dyr i Noreg del II kom ekorn og piggsvin på frimerke 21. februar.
Ekornet (Sciurus vulgaris) er i Noreg utbreidd overalt der det veks nåleskog, særleg granskog. Du finn det ofte i tettbygde strøk òg. Der held det til i parkar, sjølv om desse for ein stor del består av lauvtre. Med hårkledd hale, duskar på øyra og hoppande rørsler bortover bakken er det eit kjent og hyggeleg innslag i faunaen vår.
Om sommaren er ekornet raudbrunt på ryggen og sidene, mens buken er kvit. Vinterstid blir pelsen på ryggen og sidene grå. På potane har det skarpe klør på lange, bøyelege tær. Det gjer ekornet til ein framifrå klatrar. På trestammane får det så godt fotfeste at det kan springe nedover med hovudet først.
Ekornet er eit viktig ledd i næringskjeda i barskogen. Sidan det held til både på bakken og oppe i trea, har det både flygande, gåande og klatrande fiendar. Mår og hønsehauk er den største trusselen. Sjølv livnærer ekornet seg i hovudsak av frø frå bartrea. Sopp er òg eit viktig innslag på menyen. Ekornet går heller ikkje av vegen for å forsyne seg med fugleegg og fuglungar.
Piggsvinet (Erinaceus europaeus) er i Noreg utbreidd i lågareliggjande strøk på Austlandet og i kystnære strøk nordover til Bodø. Det er omkring 30 cm langt og ca. ein kilo tungt. På ryggen sit opptil 6000 piggar, eller omdanna hår, som er eit par milli-meter tjukke og 3–4 cm lange.
Når piggsvinet må forsvare seg, trekkjer det saman den kraftige muskelen som dekkjer heile ryggen slik at piggane løfter seg og strittar til alle kantar. Dette kan skje i to fasar. Først blir rygghuda trekt ned slik at også føtene og hovudet blir dekte av piggar. Samtidig legg piggsvinet seg flatt på bakken. Føler dyret seg meir alvorleg truga, snurpar den nedste kanten av ryggmuskelen seg igjen og piggsvinet blir nesten kuleforma. Slik kan det halde seg til faren er over, sjølv om det blir dytta borti eller rulla av garde. Med piggane strittande i alle retningar er dyret nokså utilnærmeleg.
Den naturlege menyen består av insekt, makk, sniglar, åtsel og tidvis ungar av smågnagarar og fuglar. Også plantekost som bær, sopp og nedfallsfrukt går ned på høgkant.
NK: 1637-38
Motiv: Piggsvin, Ekorn
Kunstnar: Inger Sandved Anfinsen
Foto: Baard Næss, Erlend Haarberg
Verdiar: Kr 12,00 - kr 22,00
Tal: Ark à 50 frimerker
Trykk: Offset frå Royal Joh. Enschedé, Nederland
Salsprisar:
Førstedagsbrev kr 37,00
Presentasjonsfoldar kr 39,00
Samlarsett kr 81,00
Samlarblad kr 54,00