Frimerkeprogram 2007

21.september - Halldis Moren Vesaas 100 år

Halldis Moren Vesaas (1907-95) er rekna som ein av Noregs fremste kvinne-lege lyrikarar. Til hundreårs-jubileet for fødselen hennar blir ho heidra med frimerke. Den same heideren blei ektemannen Tarjei til del i 1997. Ektefellar på kvar sitt frimerke er ikkje kvardagskost!

Ho blei fødd og voks opp i Trysil i Hedmark. Faren var gardbrukar, og barndomsheimen var prega av bondemiljøet og ei positiv livsinnstilling. Den bar ho med seg heile livet. Også litteratur hadde ein viktig plass, allereie som niåring skreiv ho historier i Norsk Barneblad. I 1934 gifte ho seg med Tarjei Vesaas. Dei busette seg på garden Midtbø i Vinje (Telemark). Ekteskapet inspirerte henne som diktar. Forholdet var prega av sterke kjensler og band til kvarandre, men det var òg periodar då dei ville vere kvar for seg. I 1929 debuterte ho som lyrikar med Harpe og dolk, ei bok om livsglede og kjærleik. Tidlegare hadde mannlege lyrikarar skapt eit mønster der kvinnene alltid var objekt. No kom det noko nytt: Dikta til Vesaas handla om kvinner som elskande subjekt, kvinner med eigen identitet. For dette møtte ho òg kritikk; slik skulle ikkje kvinnene skrive. Ho skreiv til og med eit dikt om å få menstruasjon («Ny kvinne»)! Nye diktsamlingar kom ut i 1930 (Morgonen), i 1933 (Strender), i 1936 (Lykkelege hender), i 1945 (Tung tids tale) og i 1955 (I ein annan skog). Formspråket hennar var klart og lettfatteleg. Det var nok ein av grunnane til at ho klarte å halde på posisjonen som lesaranes diktar gjennom heile etterkrigstida, sjølv utan å gje ut ny diktsamling før i 1995. Etter krigen skreiv ho ein ungdomsroman og sakprosa. Det blei òg to personlege minnebøker om samlivet med Tarjei Vesaas, I Midtbøs bakkar (1974) og Båten om dagen (1976). Mange år etter at Tarjei døydde fekk Halldis Moren Vesaas ei fin tid saman med skodespelaren Gisle Straume. Det gav inspirasjon til nye kjærleiksdikt og ei ny diktbok, Livshus (1995).

Nummer: NK 1664 Motiv: Portrett og tekst frå ”Ferdaminne frå sommaren 1985”
Design: Gina Rose Foto: Rolf Øhman /Aftenposten / Scanpix
Verdi: Kr 23,00
Tal: Ark á 50 frimerke
Trykk: Offset fra Royal Joh. Enschedé, Nederland Salsprisar: Førstedagsbrev: kr 26,00
Presentasjonsfoldar: kr 28,00
Samlarsett: kr 59,00
Samlarblad: kr 43,00