Frimerkeprogram 2007

23. november - Julefrimerke

Kaspar kom med gull, Balthasar med røykjelse og Melkior med myrra. Dei tre vise mennene frå Austen hadde følgt stjerna. Ho førte dei til Betlehem. Der fann dei Jesus, som låg i ei krybbe. Seinare kom ein fram til at dei tre mennene måtte vere kongar og dei første ikkje-jødane som tilbad Jesus. Dei blei tidleg favorittobjekt i kristen kunst. Eit bilete av dei var måla på veggene i ein katakombe allereie tidleg på 100-talet.

På 500-talet fekk dei namn. På ein mosaikk i ei kyrkje i Ravenna i Nord-Italia, som blei bygd rundt 560, er dei tre namna teikna inn. Kunstnarar tok til å måle Kaspar som ein ung konge, Melkior som middelaldrande og Balthasar som ein gammal mann. Seinare resonnerte ein slik at minst ein av dei måtte ha vore svart, sidan dei kom frå aust. I legenda kom no den svarte Kaspar frå Nubia (Etiopia), dei lysare Balthasar og Melkior frå høvesvis Saba og Egryskulla. Legenda fortel vidare at dei heilage tre kongane blei døypte i Persia av apostelen Thomas og vigde til biskopar. Dei skal ha døydd i år 54. Relikviane etter dei tre kongane skal ha blitt funne av den heilage Helena (ca. 257–336), mor til keisar Konstantin, og førte til Konstantinopel. Derfrå blei dei tekne med til Milano på slutten av 300-talet. Då Milano blei erobra i 1158, blei relikviane sende til Köln. Der blei dei lagde i eit relikvar av gull, forma som ein basilika med midtskip og to sideskip. Relikvaret finst framleis bak høgaltaret i katedralen. Relikviane blei viste stor ære i middelalderen, og Köln blei eit viktig valfartsmål. Dei tre heilage kongane blei skytshelgenar for Köln, og det blei bestemt at relikviane deira aldri skulle førast ut av byen. Minnedagen til dei tre kongane er 6. januar, og denne dagen var merkt av på den gamle primstaven. I dag er dei òg skytshelgenar for ryttarar, for gjestehus og hospits, for spelekortprodusentar (pga. kortspel i vertshusa) og for buntmakarar (pga. den vinterlege pelsen til Balthasar). Dei var til hjelp mot trolldom og uvêr og for ein god død.

Motiv: Julestjerna, Dei heilage tre kongar
Design: Anne Kristin Hagesæther Verdi: Valør A Innland (kr 7,00) Opplag: 1,6 millionar frimerkehefte
Tal: Hefte à 10 frimerkr
Trykk: Dyptrykk frå Royal Joh. Enschedé, Nederland.
Salspriser:
Førstedagsbrev: kr 17,00
Presentasjonsfoldar: kr 19,00
Samlarsett: kr 41,00
Samlarblad: kr 34,00