21. februar - Ville dyr i Noreg III

Få av dyreartane våre set kjenslene i sving slik som ulven. Somme er redde å ha han i nærleiken, andre gler seg over at han framleis finst i norsk natur. Det er ikkje mange menneske som har hatt den spennande opplevinga det er å møte ulv. Men no kan du møte han i trygge omgjevnader, på frimerke. Saman med bjørn og elg er ulv motiv i årets «Ville dyr»-utgjeving.

NK 1672 Ville dyr i Noreg Elg
NK 1672
NK 1673 Ville dyr i Noreg Bjørn
NK 1673
NK 1674 Ville dyr i Noreg Ulv
NK 1674

At ulven er eit rovdyr, kan ingen nekte for. I motsetnad til bjørnen, til dømes, som berre periodevis er kjøtetar, lever ulven på kjøt heile året. Ulven har velutvikla sansar, og dei viktigaste informasjonane frå miljøet rundt seg får han gjennom lukt og lydar. Ein velvaksen skandinavisk ulv veg mellom 30 og 60 kilo, tispene er litt lettare enn hannane. Ulven har eit matbehov som gjennomsnittleg er berekna til 4–6 kg kjøt i døgnet. Det betyr ikkje at ulven et like mykje kvar dag. Han kan klare seg utan mat i lange periodar, faktisk over to veker. Men så har han òg evna til å dra nytte av store kjøtmengder når sjansen først byr seg. Ulvesporing i Noreg har vist at omtrent 20 kg, eller kjøtet frå nesten eit helt rådyr, kan fortærast på eitt døgn. Uttrykket einsam ulv er ein realitet for nokre, men i hovudsak lever ulvane i flokk. Ein flokk på 4–5 individ er vanleg.

Vår nordeuropeiske brunbjørn er ein mellomstor bjørnetype. Dei største hannbjørnane kan seint på hausten vege opptil 350 kg. Aktivitetane til bjørnen kan knytast til m.a. matsøk, kvile, forplanting og hi. På haustparten legg bjørnen på seg ein stor feittreserve for å møte vinteren i hiet. Ved det første store snøfallet legg han seg inn for vinteren. Her kan han liggje i 5–6 månader. Under vintersøvnen fell kroppstemperaturen 4–5 grader og held seg mellom 31 og 35 °C. Hjartefrekvensen går gradvis ned frå dei normale 40–60 til 8–12 slag i minuttet. Ute av hiet, etter månader utan mat, er han svolten, men forsommaren kan vere smalhanstid. Utover sommaren og hausten tek han for seg av bær. Men bjørnen er ikkje berre vegetarianar. Han kan drepe store byttedyr, til dømes ein velvaksen elg.

Sjølv om ulven er frykta, og bjørnen er både frykta og stor, er det eit anna dyr som har tilnamnet «skogens konge». Det er elgen, det største hjortedyret på jorda. Storleiken, den majestetiske veremåten og dei harmoniske rørslene gjer at han ber tilnamnet med rette. Også sansane er svært godt utvikla. Det gjeld både syn, høyrsel og luktesans. Elgen veks raskt. Ein nyfødd kalv veg omkring 12 kg, men allereie første hausten har han som regel nådd ei vekt på rundt 135 kg. Neste haust kan han ha nådd 300 kg. Oksane veks gjerne til dei er 5–6 år gamle og kan komme opp i ei vekt på over 700 kg.

Motiv: Elg, Bjørn, Ulv
Design: Inger Sandved Anfinsen
Verdi: Kr 11,00 – kr 14,00 – kr 23,00
Tal: Ark à 50 frimerke
Trykk: Offset frå Royal Joh. Enschedé, Nederland
Salgspriser:
Førstedagsbrev: kr 52,00
Presentasjonsfoldar: kr 53,00
Samlarsett: kr 110,00
Samlarblad: kr 68,00

Katalogside