I 2009 er det 400 år sidan Galileo Galilei (1564–1642) retta eit teleskop mot himmelen og såg at Jorda berre var ein av mange planetar og ikkje sentrum i universet.
Observasjonen hans var starten på ein revolusjon som for alltid endra verdsoppfatninga hos menneska. FN har utpeikt 2009 til Det internasjonale astronomiåret, og astronomi er temaet for årets Europafrimerke. Ordet astronomi er gresk og betyr læra om stjernene. Men astronomi er blitt meir enn berre studium av stjernene. Faget kombinerer også andre vitskapar og bruker dei til å studere alt som finst utanfor vår eigen planet. Astronomi er derfor den mest omfattande av alle vitskapar.
Den greske filosofen Aristoteles (384-322 f.Kr.) trudde at Jorda var sentrum i universet, og at alle himmellekamane krinsa rundt Jorda. Aristoteles var høgt respektert, og ideane hans blei raskt godtekne. Det skulle også gå atskillege hundreår før nokon for alvor klarte å utfordre Aristoteles' teori om det geosentriske systemet. Men då middelalderen var på hell, blei det lagt stadig større vekt på nøyaktig vit-skapleg observasjon i astronomien. Nikolaus Kopernikus (1473-1543) var den første som forstod den verkelege rekkjefølgja av planetane i solsystemet. Jorda blei degradert frå å vere universets sentrum til å vere den tredje planeten frå Sola.
Observasjonane Galileo Galilei gjorde i 1609, blei det endelege gjennombrotet for teorien om at Sola er sentrum i universet.
Men sjølv om han i boka Dialog om dei to største verdssystema beskreiv korleis planetane går i bane rundt Sola, var det enno
ikkje kjent kvifor dei bevegar seg slik. Her dukkar Isac Newton (1642-1727) opp. Han utvikla lovene om rørsle og tyngdekraft
og slo fast at tyngdekrafta er avhengig av massen til objektet. Ein lekam med større masse vil trekkje til seg ein lekam med
mindre masse. Difor blir alle planetane haldne i bane rundt Sola av solgravitasjonen. Newton hadde nokre banebrytande idear,
men teoriane hans om tyngdekrafta forklarte ikkje
alt. Fleire brikker kom på plass då Albert Einstein (1879-1955) i 1905 etablerte relativitetsteorien.
I nyare tid innleidde romkappløpet mellom Sovjetunionen og USA også ei eventyrleg utforsking av verdsrommet. Astronomar vil hevde at høgdepunktet hittil blei nådd i 1990 med utplasseringa av det gigantiske Hubble-teleskopet. Etter litt startvanskar (det var litt "nærsynt") er teleskopet blitt ein enorm suksess. Det har teke bilete av stjerner som blir fødde, av svarte hol og av supernovaer (gigantiske stjerneeksplosjonar). Dei fantastiske bileta er tilgjengelege for oss alle. Straks dei er tekne, legg NASA dei ut på Internett.
Nummer: NK 1721-1722
Motiv: Soleksplosjon, Månen
Design: Jørn O. Jøntvedt, Making Waves
Verdi: Kr 10,00 - kr 12,00
Opplag: 600 000 av kvart frimerke, 225 000 miniatyrark
Tal: Ark à 50 frimerke
Trykk: Offset frå Royal Joh. Enschedé, Nederland
Salsprisar:
Førstedagsbrev: kr 26,00
Presentasjonsfoldar: kr 27,00
Samlarsett: kr 106,00
Samlarblad: kr 42,00
Miniatyrark: kr 22,00