Når det er snakk om kulturminne, tenkjer vi kanskje først og fremst på stavkyrkjer, vikingskip og historiske gjenstandar.
Men Noregs kulturvernforbund,som har hovudansvaret for gjennomføringa av Kulturminneåret 2009, har tenkt større. Mottoet er "Kulturminna frå dagleglivet". Der har både den raude telefon-kiosken og Kurér-radioen fått sin naturlege plass. Også på frimerke.
Med forslaget "Riks" var det den nyutdanna arkitekten Georg Fredrik Fasting som i 1932 vann Oslo telefonanleggs arkitektkonkurranse om teikningar til ein utandørs telefonkiosk. For det fekk han 800 kroner i premie. Og alt i 1933 blei den første telefonkiosken sett opp på Akershuskaia under Akershus festning i Oslo. Snart stod det fleire telefonkioskar i hamneområde på kvar ende av hamnelageret, på Vippetangen, på Fred. Olsen-bryggja og på Festningsbryggja. Oslo var ikkje åleine om å utvikle telefonkioskar. Både Bergen og Ålesund hadde eigne variantar, men etter kvart som Telegrafverket overtok dei private telefonselskapa, blei den raude kiosken føretrekt. Snart var han å sjå overalt.
Heilt opp til 1980-talet var det stort gap mellom tilbod og etterspørsel etter privat telefon. Telegrafverket, seinare Televerket, klarte ikkje å dekkje behovet. Ei naturleg løysing blei å setje opp telefonkioskar. Utplasseringa skaut skikkeleg fart i 1960-åra, og på det meste var det spreidd rundt 6000 kioskar over heile landet. I dag står berre 100 att. Til gjengjeld er dei verna. Gjennom ein avtale med Telenor kunne Riksantikvaren i 2007 sikre bevaring av den vesle raude. Dei attverande er i full drift, og som kulturminne fungerer dei godt i norske lokalmiljø. Arkitektar kallar kiosken ein funksjonalistisk varde.
I 1950 skulle eit nytt ikon sjå dagens lys. Då lanserte Radionette Kurér-radioen. Kurér blei den største suksessen deira, med den raude reiseradiomodellen i imitert alligatorskinn som overlegen vinnar. Historia om Radionette starta i 1927 med den 24 år gamle Jan Wessel, på eit pikeværelse i Oslo. Gode, rimelege radioar til alle, var mottoet til den sjølvlærde gründeren. Og med Kurér skaut han gullfuglen, radioane gjekk unna som varmt kveitebrød. Ikkje berre her til lands, men over heile verda. Kurér blei eksportert til over 60 land og gjorde Radionette til ei kjend merkevare. Fabrikkar blei oppretta i Iran, Sør-Afrika og Tyrkia.
Etter dei gylne 50-åra fekk Radionette problem. På slutten av 1960-talet gjekk salet dårleg, og i 1972 blei selskapet slått saman med Tandberg Radiofabrikk. I 1978 la Tandberg ned Radionette, og same året gjekk Tandberg konkurs. Ei av dei store elektrokjedene sikra seg varemerket, og Radionettenamnet eksisterer den dag i dag. Apparata blir produserte i Asia.
Nummer: NK 1726-1727
Motiv: Kurér-radio, Telefonkiosk
Design: Inger Sandved Anfinsen
Verdi: Kr 8,00 - kr 8,00
Opplag: 200 000 rullar à 100 frimerke
Tal: To frimerke etter kvarandre i rullar à 100 frimerke
Trykk: Offset frå Royal Joh. Enschedé, Nederland
Salsprisar:
Førstedagsbrev: kr 20,00
Presentasjonsfoldar: kr 21,00
Samlarsett: kr 51,00
Samlarblad: kr 36,00