Frimerkeprogram 2009

12. juni - Ubåtvåpenet 100 år

I år er det hundre år sidan den første norske ubåten blei sjøsett. Sjøsetjinga fann stad ved Germaniawerft i Kiel, og båten fekk namnet ”Kobben” (seinare A-1).

Han fungerte over all  forventning, og i 1911 blei det gjort vedtak om å få bygd tre ubåtar til ved same verftet. Også ein femte blei påbegynt, men så braut første verdskrigen ut, og båten blei kverrsett av den tyske marinen.

Men historia om norske ubåtar starta eigentleg alt i 1808. Då teikna bygdegeniet og smeden Mikkel Hallsteinson Lofthus frå Hardanger den første kjende norske undervassbåten. Teikningane leverte han til Det nyttige Selskab i Bergen, men båten vart aldri bygd. Til det var interessa for lita, og det var smått med pengar. 101 år seinare skulle det altså gå betre. Etter sjøsetjinga av Kobben i Kiel og dykke-prøvar i Storebælt blei kommandoen heist 28. november 1909. To veker seinare kom båten til Horten, og med ei besetning på 12 mann vart han sett i full teneste få dagar etter. Det varte fram til 1919. Nokre år seinare blei han hoggen opp, men tårnet frå Kobben blei bevart og står i dag montert som eit minnesmerke på befalsskulen for Marinen i Horten.

Etter første verdskrigen løyvde Stortinget midlar til å byggje nye ubåtar. Denne gongen valde ein den amerikanske Holland-klassen. Desse båtane hadde same dykkedjupn som A-klassen, men større besetning, 23 mann. Gjennom eit samarbeid mellom Marinens hovudverft og Kaldnes og Thunes mekaniske verkstader blei det i perioden 1923-30 bygd seks norske ubåtar.

Under andre verdskrigen blei tre ubåtar overtekne frå den britiske marinen, og etter krigen tre til. Tyskarane etterlét seg femten ubåtar, og av desse blei fire sette i stand og innlemma i norsk sjøforsvar. Dei hadde ei besetning på 47 mann og ei dykkedjupn på 180 meter.

I samband med flåteplanen frå 1960 vedtok Stortinget å byggje femten nye ubåtar. Det blei gjort i åra 1964-67. Båtane var av ein tysk type og fekk namnet Kobben-klassen. I åra 1989-92 var det fornying igjen. Også denne gongen blei det valt ein tysk type. Båtane (Ula-klassen) blir av mange karakteriserte som dei mest avanserte kystubåtane i verda, med ei offisiell dykkedjupn på 250 meter. Det er ei kjensgjerning at dei kan gå langt djupare, 500 meter, hevdar somme.

Nummer:  NK 1724-1725
Motiv: Kobben, Ula-klassen
Kunstnar og gravør: Sverre Morken
Verdi:   Kr 14,50 - kr 15,50
Opplag:   Kr 14,50: 525 000 frimerke - kr 15,50: 750 000 frimerke
Tal:   Ark à 50 frimerke
Trykk: Kombinasjonstrykk ståltrykk/offset frå Royal Joh. Enschedé, Nederland. KBA GIORI, Sveits (stålstikk)
Salsprisar: 
Førstedagsbrev: kr 34,00
Presentasjonsfoldar: kr 35,00
Samlarsett:  kr 74,00
Samlarblad:  kr 50,00
Gullbrev:  kr 95,00

Katalogside