Toll og avgifter?

Tollklarering av sendingar frå utlandet

  • For dei fleste sendingar frå utlandet betaler du mva og eventuelle andre avgifter (toll og særavgifter) når du kjøper varer i nettbutikken.
  • Posten fortoller varer over 350 kroner, om avgifter ikkje blir betalt gjennom nettbutikken på førehand.
  • Gaver kan ha ein verdi opptil 1000 kroner før du må fortolle.

Når må eg betale toll?

Alle varekjøp i utlandet er i utgangspunktet mva-pliktige. Det er kun enkelte tekstiler, næringsmiddel og varer med restriksjonar som kan få ekstra kostnader i form av toll- og særavgifter.

Skal du kjøpe noko frå utlandet og lurer på kor mykje du må betale? Bruk Tolletatens importkalkulator og les meir om netthandel på toll.no/no/netthandel.

Meir om gaver sendt frå utlandet.

Nye tollreglar for import frå 2020

Frå 1.1.2020 kom det nye regler frå myndigheitene når du kjøper næringsmiddel frå utlandet.

Frå 1.4.2020 er det nye regler for kjøp av varer frå utlandet som medfører at du må betale avgifter frå første krone.Les meir om VOEC (VAT on E-commerce) og dei nye tollreglene.

Hovedregelen er at mva skal betalast i utenlandsk nettbutikk, akkurat som når du handler i Noreg. Denne ordninga gjeld for alle varer med verdi opptil 3000 kroner, som ikkje er restriksjonsbelagte.Les meir på regjeringen.no

Våre tenester for tollklarering

I tilfelle avgifter ikkje er betalt gjennom nettbutikken på førehand, tilbyr Posten følgjande tenester for tollklarering:

Varer med verdi opptil 350 kroner vil du normalt motta i postkassen

Posten vil inntil vidare ikkje tollklarere dei fleste lavverdisendingar (verdi inntil kr 350) før det nye regelverket er implementert. Når det er på plass vil det kome ei løysning for betaling av mva, toll og tollklarering på posten.no før du tar varene i bruk. 

Varer med verdi mellom 350 og 3000 kroner, vil bli Forenkla tollklarert*

Forenkla betyr færre krav til detaljert varebeskriving, samt at Posten ikkje treng ditt fødsels- og personnummer for å tollklarere. Sendinga henter du på Posten. Du betaler avgiftene og Postens pris for tollklarering.

Unntak frå forenkla tollklarering er varer som myndigheitene krev full tollklarering på. Eksempel på dette er kunst, antikvitetar, og varer med restriksjonar som alkohol, tobakksvarer, legemiddel, kosttilskot og alt av mat- og drikkevarer. 

Varer med verdi over 3000 kroner eller som krev full tollklarering**

Full tollklarering betyr at Posten bereknar avgifter på varene ut frå ein detaljert varebeskrivelse samt at vi knytter mottakar sitt fødsels- og personnummer til tollklareringen. Sendingen henter du på Posten. Då betaler du avgiftene og Postens pris for tollklareringen.

Pris på tollklarering

Prisen gjeld Pris
Forenkla tollklarering per oppdrag –
gjeld varer med verdi frå kr 350–3000.*
149
Tollklarering per sending med verdi over kr 3000
og for sendingar med restriksjonsbelagte varer.**
299
Ekspedisjon eiga tollklarering og tollagerkostnad 149
Tollrefusjon 599
Innhenting av importdokumentasjon 149
Tollklarering per sending til Svalbard 299

 

Manglande tollklareringspapir

Det hender at sendingar frå utlandet ikkje har tollklareringspapir. For at vi skal kunne tollklarere sendinga di, må nødvendig informasjon om innhaldet i og verdien på sendinga vere tilgjengeleg. Manglar vi slik informasjon, blir sendinga lagra mellombels hos Posten. Vi sender deg ei tekstmelding eller ei melding om mottak.

Meldinga du får, inneheld informasjon om kvifor sendinga er stansa, og kva du må gjere for at vi skal kunne tollklarere sendinga hos oss. Du kan sende inn manglande informasjon her.

Vi gjer merksam på at sendinga ligg hos Posten, og ikkje hos Tolletaten. Liggjefristen på lageret vårt er 14 dagar frå registrert mottak.

Alderskontroll

Ved innføring av tobakksvarer og alkoholhaldig drikke vil Posten kontrollere alder ved utlevering av varene.

Mottakaren må betale ei kontrollavgift på 49 kroner + mva.

Spørsmål og svar

  • Frå 1.1.2020 er kosttilskot og næringsmidler restriksjonsbelagt frå fyrste krone. Det betyr at Posten no må tollklarere og kreve opp avgifter for denne type varer. Les meir om restriksjonsbelagte varer.

  • Utrekningsgrunnlaget er henta frå tollklareringsdokumentasjonen frå avsendaren og er oppgitt på fakturaen frå oss. Denne fakturaen ligg ved sendinga.

  • Tolletaten nyttar alltid ein eigen kurs (omrekningskurs) til all tollklarering, og denne er rekna ut frå Noregs Bank sin valutakurs.

    Posten nyttar valutakursen til Tolletaten. Denne endrar seg kvar veke og er basert på kursen frå Noregs Bank.  Norges Bank endrar valutakursene oftare enn Tolletaten og det vil slik forekomme avvik.

    Tolletatens valutakurser.

  • Posten har sendt deg ei melding om at det har komme ei sending til deg. Sendinga manglar-/eller har mangelfull dokumentasjon for tollklarering.

    Det er viktig at du skaffar det vi spør om i meldinga. Når vi får informasjonen frå deg, tollhandsamar vi sendinga og sender ho vidare snarast råd.

    Du kan sende inn manglande informasjon på denne sida.

  • Posten må dekkje dei faktiske kostnadane i samband med alle sendingar vi handsamar, også sendingar til kundar som tollklarerer sjølv.

    Prisen vi tar er ein grunnpris som dekkjer kostnadane vi har med å utføre lovpålagde oppgåver som mellom anna å handsame mottaket, registrere sendingane og føre pliktig tollagerrekneskap for Tolletaten. Desse lovpålagde oppgåvene fell ikkje bort sjølv om kunden sjølv tar seg av tollklareringa. Posten utfører «forenkla tollklarering» automatisk, men når det gjeld ordinær tollklarering (vareverdi over 3000 kroner), kan kundane reservere seg og utføre tollklareringa sjølv. 

  • Av hentemeldinga ser du dei importavgiftane som er rekna ut. For å rekne ut avgiftene nyttar vi oppgitt vare- og verdi som fylgjer sendinga. Om du meiner utrekninga er feil må du dokumentere feilen. Ta kontakt med kundeservice før du henter sendinga di.

    Dersom Posten ikkje kan lastast for feil i avgiftsutrekninga må du søkje refusjon på Altinn. Sjå Tolletaten sine nettsider som gjev god informasjon og rettleiing når du vil søkje om refusjon av for mykje betalt mva- og tollavgifter, samt i dei tilfelle når du krev refusjon av avgifter for returnerte varer.

  • Prisen dekkjer kostnadane som er knytte til lovpålagde oppgåver som Posten må utføre: handsame mottaket, registrere sendinga og føre pliktig tollagerrekneskap for Tollvesenet.

    Prisen dekkjer kostnadane som er knytte til lovpålagde oppgåver som Posten må utføre: handsame mottaket, klassifisere og registrere varene, rekna ut og krevje inn avgifter, oppgjør til myndigheitene, samt lagring i påvente av betaling frå mottakar. Fullfortolling kostar meir enn forenkla tollklarering fordi kravet til dokumentasjon og graden av detaljering i ein fulltollklarering er høgare enn for forenkla tollklarering.

  • Dersom du ikkje har betalt norsk mva og andre avgifter gjennom kjøp i nettbutikken må du betale avgifter når varen kjem til Noreg. Det gjeld også for gaver med verdi over 1000 kroner. Les meir på toll.no/no/netthandel.

  • Vi tollklarera forenkla på varer til privatpersonar med verdi opp til kr 3000 (eksklusive transport og forsikring) dersom avsendar ikkje har krevd inn norske avgifter på førehand. Ordninga gjeld ikkje varer med restriksjonar som matvarer, alkohol og tobakksvarer.

    Forenklinga tollklarering vil seie mindre krav til detaljert varebeskriving og det er ikkje behov for å identifisere mottakar med fødsels- og personnummer.

  • Prisen for eiga og forenkla tollklarering er den same. Dette skuldast at våre lovpålagte oppgåver er omtrent like omfattande ved forenkla tollklarering som når du gjer det sjølv.

  • Bøker er vanlegvis avgiftsfrie. Inneheld sendinga di andre varer, må dei tollklarerast. Du betaler mva og eventuelle andre avgifter og prisen for tollklarering på varene.

    Bøkene blir haldne utanom så lenge dei er spesifisert på tollklareringa frå avsendar.

  • Nei, du må ikkje betale avgifter. Sendinga blir returnert etter 2 veker.

  • Ta kontakt med kundeservice slik at vi kan finne ut kva som har skjedd. Årsaken er mest sannsynlig manglande merking av sendinga frå utlandet.  Du må betale Posten og deretter ta kontakt med nettbutikken du handla i for å ordne opp. 

  • Merverdiavgift, toll- og særavgifter.  Sjå Tolletaten sin oppsummering på kva du skal betale når du handler på nett.