Frimerke og porto
I staden for vanlege frimerke kan du kjøpe digitale frimerke. Du betaler på nettet og får ein kode som du skriv på brevet eller pakken.
Vanlege frimerke kan du kjøpe både enkeltvis, i hefte, på rull og som heile ark. Du kan kjøpe frimerke i nettbutikken vår, på Posten og på bensinstasjonar, kioskar, bokhandlarar osv.
Frimerker - prisar frå 1.1.2021
Du kan bruke digitale eller vanlege frimerke som porto på brev og små pakkar på opptil to kilo. Prisen blir rekna ut etter kva storleik og vekt sendinga har.
For sendingar over 2 kg – sjå prislista.
I Noreg
Vekt inntil | Inntil 2 cm tjukk | 2–7 cm tjukk | Meir enn 7 cm tjukk |
---|---|---|---|
20 g | 18 | 55 | 90 |
50 g | 24 | 55 | 90 |
100 g | 27 | 55 | 90 |
350 g | 45 | 55 | 90 |
1 kg | 88 | 100 | 140 |
2 kg | 125 | 135 | 175 |
NB: Dersom lengd eller breidd på brevet er over 35,3 x 25 cm, er prisen som for brev som er meir enn 7 cm tjukke. Les meir om mål og vekt.
Til Europa*
Vekt inntil | Inntil 2 cm tjukk | 2–7 cm tjukk | Meir enn 7 cm tjukk |
---|---|---|---|
20 g | 27 | 70 | 120 |
50 g | 31 | 70 | 120 |
100 g | 35 | 70 | 120 |
350 g | 59 | 70 | 120 |
1 kg | 115 | 130 | 180 |
2 kg | 160 | 180 | 230 |
*No må du registrere tollinformasjon digitalt. Gratis sjølvhjelpsløysing er tilgjengeleg på posten.no. Eventuelt kan Posten ta seg av registreringa for kr 38.
Utanfor Europa*
Vekt inntil | Inntil 2 cm tjukk | 2–7 cm tjukk | Mier enn 7 cm tjukk |
---|---|---|---|
20 g | 33 | 90 | 140 |
50 g | 38 | 90 | 140 |
100 g | 43 | 90 | 140 |
350 g | 72 | 90 | 140 |
1 kg | 145 | 160 | 225 |
2 kg | 200 | 220 | 280 |
* *No må du registrere tollinformasjon digitalt. Gratis sjølvhjelpsløysing er tilgjengeleg på posten.no. Eventuelt kan Posten ta seg av registreringa for kr 38.
Personlege frimerke
Skal du sende brev, invitasjonar eller takkekort, eller berre har lyst til å vise fram barnet, hytta eller katten? Då kan du lage flotte personlege frimerke.
Du kan velje om frimerka skal nyttast i Noreg eller sendast til andre land. Frimerka gjeld for brev inntil 20 gram. Meir om personlege frimerke.
Spørsmål og svar om frimerke og porto
-
Du kan byte inn heile ark, rullar og frimerkehefte i andre frimerke på det lokale postkontoret. Enkeltfrimerke kan du ikkje byte.
Pris for bytet er 33 kroner per påbyrja 100 frimerke.
NB: Du kan berre byte frimerke i andre frimerke, ikkje i kontantar. -
Frimerka har ikkje påtrykt verdi. Dei kan alltid nyttast til å frankere post inntil 20 gram innanlands, til Europa eller til resten av verda. Frimerka er òg gyldige i kombinasjon med andre frimerke for å dekkje høgare prisar innanlands eller til utlandet.
-
Rettleiande leveringstid for all post er 2–3 arbeidsdagar i heile Noreg. Til Europa er leveringstida 3–7 arbeidsdagar og til resten av verda 5–9 arbeidsdagar.
-
Brev:
Lengd inntil 60 cm
Lengd + breidd + tjukkleik ikkje over 90 cmRull:
Lengd inntil 90 cm
Lengd + dobbel diameter ikkje over 104 cm -
Brev:
9 x 14 cmRull:
Lengd minst 10 cm
Lengd + dobbel diameter må vere minst 17 cm -
Dersom du sender post med for lite porto, sørgjer vi for at sendinga kjem fram likevel. Vi legg ut for manglande porto og sender rekning til deg som er avsendar. Om vi ikkje har namnet på avsendaren, blir rekninga sendt til mottakaren. Ekspedisjonskostnaden for denne tenesta er 59 kroner, pluss eit tillegg på 9 kroner per brev.
Har du fått faktura for manglande porto, kan du logge deg inn på denne sida og sjå bilete av sendinga.
-
Ja, like eins med vanlege brev og små pakkar kan du bruke frimerke på rekommanderte brev og verdibrev.