Til hovedinnhold

Heimlevering

Lyst på eit ærend mindre? Då er heimlevering noko for deg.


Du kan få pakka levert heim på døra mellom klokka 17 og 21, og du vel sjølv kva for ein dag du vil ha pakka levert.

Prisar for heimlevering

Liten/lett pakke inntil 7 kilo:

  • 82 kroner ved bestilling på web før frist (innan klokka 24 den dagen det blir sendt varsel om at pakka er på veg)
  • 102 kroner ved bestilling på web etter frist

Stor/tung pakke over 7 kilo:

  • 98 kroner ved bestilling på web før frist (innan klokka 24 den dagen det blir sendt varsel om at pakka er på veg)
  • 118 kroner ved bestilling på web etter frist

Fleire pakker frå same avsendar og sendt i same sending

  • 42 kroner for kvar ekstra sending

Prisen blir berekna etter faktisk vekt eller volumvekt, uavhengig av størrelse. 

Heimlevering gjeld i dei fleste byar og større tettstader.

Fleire av våre pakketenester får berekna vekt etter størrelsen (volum) og ikkje faktisk vekt. Er volumvekta høgare enn faktisk vekt, blir ho prisa etter volumvekt ved innlevering.
Det er difor vekta pakka er berekna etter, som avgjer om du får pris etter stor eller lita pakke.

Når sendinga er på veg, får du ein sms, og sjåføren ringer deg 30-60 minutt før levering.

Spørsmål og svar

  • Ved tinging: kva er eit kollinummer eller sendingsnummer?

    Kolli og sendingsnummer finn du på hentelappen/-meldinga du har fått i postkassa eller på mobilen, og det står alltid saman med strekkoden.

  • Kva kan eg tinge levert heim?

    Du kan tinge brev utan postoppkrav, som er for stort til å få plass i postkassa, samt pakker utan postoppkrav.

  • Kan eg få sendinga levert til ei anna adresse?

    Nei, det er førebels ikkje mogeleg. Sendinga kan berre køyrast ut til adressa ho er adressert til.

  • Kvifor får eg melding om at pakka eller brevet ikkje kan heimleverast?

    Det kan vere fleire grunnar:

    Om sendinga di har returdato neste dag er ho ikkje tilgjengeleg for heimlevering.

    Sendinga kan allereie vere henta eller returnert.

    Adressa ligg utanfor det området vi tilbyr tenesta.

  • Kan eg tinge fleire sendingar heimlevert samstundes?

    Du kan tinge heimlevering av fleire pakker samstundes, om desse tilhøyrer same sending. Om dei ikkje tilhøyrer same sending, må du utføre ei heimlevering for kvar sending.

  • Kan eg endre eller avbestille heimlevering?

    Du kan sjølv endre leveringsdag ved å gjere ei ny tinging på same kolli-/sendingsnummer. Dette kan gjerast seinast klokka 24.00 dagen før avtalt levering. Du må ikkje betale ekstra for å endre.
    Om du ønskjer å avbestille heimleveringa, kan du ringe kundeservice på telefon 22 03 00 00 innan kl. 18.00 dagen før avtalt utlevering.
    Beløp som er belasta for tinging av heimlevering, vil bli refundert til kontoen din. Sendinga vil då gå til din lokale hentestad. Dette kan ta inntil ein dag ekstra avhengig av kvar pakka di ligg på avbestillingstidspunktet.

  • Eg var ikkje heime på avtalt leveringsdag, kva skjer med sendinga mi?

    Sendinga di går tilbake til ditt lokale postkontor eller Post i Butikk, og kan hentast der. Det vil ta ein arbeidsdag. Om du ønskjer ny heimlevering, må du tinge på nytt.