Skal du motta noko frå utlandet?

Når du mottek sendingar frå utlandet, er toll viktig å hugse på.


  • Sendingar med verdi under 350 kroner (inkludert frakt og forsikring), og private gåver inntil 1000 kroner er toll- og avgiftsfrie. Med unntak av alkohol og tobakk.
  • Sendingar med verdi frå og med 350 kroner (inkludert frakt og forsikring) er toll- og avgiftspliktige.

Skal du kjøpe noko frå utlandet og lurar på kor mykje du må betale? 

Importkalkulator

Du må velje varegruppe
Prisen mangler eller er feil. Prøv igjen
Prisen manglar eller er feil. Prøv igjen

Vareverdi + fraktkostnad

Toll

Mva.

Postens tollhandsaming

Totalt å betale

Pris i NOK. Kalkulatoren reknar ut merverdiavgifta ut frå dagens omrekningskurs.

Se Tollvesenets omrekningskurs.

Tollfritt betyr ikkje momsfritt

Mange varer er tollfrie, men det betyr ikkje at ein slepp unna moms. Om ein passerer avgiftsfri grense, som er verdien av vara inkludert frakt og forsikring på totalt 350 kroner, kjem moms i tillegg til ein eventuell fortollingspris.

Sendingar med verdi under 350 kroner

Ver merksam på at sendingar som inneheld både avgiftsfrie og avgiftspliktige varer, må vere spesifisert på ein faktura frå avsendar. På den måten er det mogleg å gjere ei korrekt fortolling.

Eksempel:

1. Ei sending til ein privatperson inneheld ei bok til 500 kroner og ei t-skjorte til 200 kroner, der frakt og forsikring er 125 kroner. Her blir heile sendinga avgiftsfri, fordi det er berre t-skjorta som er avgiftspliktig. Vareverdien og frakta er under 350 kroner.
2. Ei sending inneheld ei bok til 500 kroner og to t-skjorter til 200 kroner per stykk, der frakta framleis er 125 kroner. Verdien vil her overstige 350 kroner og du må betale meirverdiavgift av verdien på t-skjortene, pluss frakt og forsikring.

Sendingar med verdi over 350 kroner – forenkla fortolling

Alle sendingar med verdi frå og med 350 kroner, inkludert transport og forsikring, må fortollast ved import. Det er alltid moms, medan på nokre få varegrupper blir det og berekna toll.
Vi utfører forenkla fortolling for sendingar med verdi mellom 350 og 3000 kroner til privatpersonar. Unntaka er restriksjonsbelagde varer, til dømes alkohol, tobakksvarer, legemiddel og kosttilskot.

Dette inneber at:

  • Posten avgiftsbereknar varer (i samsvar med tollova) og sender dei vidare til din utleveringsstad.
  • Posten sender deg hentemelding med oppgjeve beløp, som du betaler ved utlevering.
  • Når du betalar avgifter og pris på forenkla fortolling ved utlevering, er vara fortolla.
  • Posten ordnar med innbetaling av avgifter til Tollvesenet.

Sendingar med verdi over 3000 kroner – ordinær fortolling

Sendingar til privatpersonar med vareverdi frå og med 3000 kroner, må fortollast ordinært. Det same gjeld om vara er restriksjonsbelagd (tobakksvarer, alkohol, legemiddel og kosttilskot), 
Posten fortollar sendinga di direkte ved innkomst, dersom tolldokumentasjon finst utanpå sendinga.
Sendinga blir sendt vidare så snart som mogleg, til din utleveringsstad. Vidare gir du Posten fortollingsfullmakt, i det du betaler oppkravsbeløpet for sendinga, og kvitterer for mottak.
Har du reservert deg mot at Posten fortollar, vil vi kontakte deg når sendinga har kome på lager.

Manglande fortollingspapir

Det hender at sendingar frå utlandet manglar fortollingspapir. For å få tollhandsama sendinga di må nødvendig informasjon om sendingas innhald og verdi vere tilgjengeleg. Manglar vi dette til sendinga, lagrast ho mellombels hos Posten. Vi sender deg ein SMS eller ei innkomstmelding.

Meldinga du mottar gir informasjon om kvifor sendinga er stoppa, og kva du må gjere for å få den tollbehandla hos oss. Du kan sende inn manglande informasjon her.

Vi gjer merksam på at sendinga ligg hos Posten og ikkje hos Tollvesenet. Hentefristen på lageret vårt er 14 dagar frå registrert innkomst.

Alderskontroll

Ved innføring av tobakksvarer og alkoholhaldig drikke blir det gjort ein alderskontroll ved utlevering. 

Mottakar betaler kontrollavgiften på 49 kroner + moms.

Spørsmål og svar

  • 1. Kvar finn eg opplysningar om verdien det er berekna avgifter av?

    Berekningsgrunnlaget er henta frå avsendaren sin fortollingsdokumentasjon, og er oppgitt på fakturaen frå oss. Denne fakturaen ligg ved sendinga.

  • 2. Kvifor har Posten nytta ein annan valutakurs, som fører til at verdien har blitt på over 350 kroner?

    Ved all fortolling nyttar Tollvesenet ein eigen kurs (omrekningskurs) som blir berekna ut frå valutakursen til Noregs Bank.

    Omrekningskursen gjeld for ei veke av gongen, og blir som regel offentleggjort torsdag veka før. Slik skal importørane kunne forutsjå kva avgiftene blir når dei skal betale toll og avgifter. For å sjekke fortollingsgrunnlaget på sendinga di, må du altså følge med på omrekningskursane til Tollvesenet, som til einkvar tid finst på toll.no.

  • 3. Kva betyr det når eg får ei melding med overskrift «forespurnad om tollinformasjon»?

    Posten har sendt deg SMS eller  innkomstmelding om ei sending frå utlandet, som manglar eller har ufullstendig tolldokumentasjon. Sendinga di ligg på lager hos Posten i påvente av tollbehandling.

    Det er viktig at du skaffar det vi ber om i innkomstmeldinga. Når vi får informasjon frå deg, tollbehandlar vi sendinga og sender den så snart som mogleg.

    Du kan sende inn manglande informasjon frå denne sida.

  • 4. Kvifor må eg betale ein fortollingspris til Posten når eg gjer fortollinga sjølv?

    Posten må dekke dei kostnadene vi har i samband med behandling av alle sendingar, inklusiv sendingar til kunder som fortollar sjølv.

    Prisen dekker våre kostnadar for å utføre lovpålagde oppgåver som blant anna: innkomstbehandling, registrering av sendingane og pliktig tollagerrekneskap overfor Tollvesenet. Desse lovpålagde oppgåvene forsvinn ikkje om kundar fortollar sjølv. Posten gjer ”forenkla fortollingar” automatisk, men når det gjeld ordinær fortolling (vareverdi over 3000 kroner) kan ein som kunde reservere seg og utføre fortollinga sjølv. 

  • 5. Toll/moms må vere feil utrekna. Kva gjer eg no?

    Kontroller alltid hentemeldinga før du hentar sendinga di.

    Om du meiner at utrekninga av importavgifter er feil, er det veldig viktig at du tek kontakt med kundeservice før du hentar sendinga di. Vare- og verdioppføringa som kjem med sendinga dannar grunnlaget for avgiftsberekninga.

    Kan du dokumentere at verdioppføringa er feil, og krev ny berekning? Kontakt oss straks du får hentemeldinga, eller seinast to dagar før hentefrist. Du kankontakte Kundeservice utland på telefon 22 03 00 00 måndag-fredag kl. 08.00 - 18.00. Kontakt oss på e-post.

    Dersom avgiftsberekninga er feil, men Posten ikkje kan lastast for dette, kan du:

    * Sende søknad til din lokale tollstad og be om omberekning av avgiftene. Du må sende med tollpapira som du har fått frå Posten. I tillegg må du forklare kva du meiner er riktig avgiftsberekning, og legge ved dokumentasjon på dette.
    * Du kan òg be Posten om å søke omberekning av avgiftene for deg. 

  • 6. Kvifor tek Posten betalt for forenkla fortolling?

    Prisen dekker kostnader knytt til lovpålagde oppgåver som Posten må utføre: Innkomstbehandling, registrering av sendinga og pliktig tollagerrekneskap overfor Tollvesenet.

  • 7. Kvifor må eg betale toll og moms på denne varen?

    Du må betale moms på varer du importerer på lik line med varer du kjøper i Noreg. Dette gjeld òg for gåvesendingar over 1000 kroner.

    Dei fleste varegrupper er i dag tollfrie. Somme varer, som klede og sengetøy produsert utanfor EU, er framleis tollbelagd. Ved ”Forenkla fortolling” brukast ein tollsats på 8 prosent, fastsett av Tollvesenet.

  • 8. Kva betyr forenkla fortolling?

    Tollvesenet har innvilga Posten løyve til forenkla fortolling av sendingar til privatpersonar med verdi mellom 350 kroner (inklusiv transport og forsikring) og 3000 kroner (eksklusiv transport og forsikring). Ordninga omfattar ikkje varer med restriksjonar, som til dømes mat, alkohol og tobakksvarer.

    Forenkla fortolling inneber at:
    • du hentar sendinga på utleveringsstaden din.
    • du betalar avgifter og forenkla tollbehandlingspris ved utlevering.
    • du slepp å oppgi fødselsnummeret ditt.
    • du slepp fordyrande og tidkrevande ekstraarbeid.

  • 9. Er det framleis billigare å fortolle sendingar med verdi mellom 350-3000 kroner sjølv?

    Nei, prisen for å fortolle sjølv og prisen for forenkla fortolling er den same.

    Det er berre når varen har ein verdi frå og med 3000 kroner at du betalar cirka halve prisen ved å sørge for å få fortolle sendinga sjølv.
    Posten må ha dekning for kostnader knytta til alle sendingar, inklusiv sendingar som ein fortollar sjølv. Prisen du betalar dekker kostnadene Posten har for å utføre lovpålagde oppgåver, som blant anna:

    * Innkomstbehandling.
    * Registrering av sendingane.
    * Pliktig tollagerrekneskap overfor Tollvesenet.

    Desse lovpålagde oppgåvene forsvinn ikkje om du fortollar sjølv.

    Informasjon for privat import finn du på toll.no.

  • 10. Eg har bestilt bøker og må betale moms. Kvifor?

    Bøker er normalt avgiftsfrie. Viss sendinga di innheld andre varer, som ikkje er spesifisert i tolldokumentasjonen, er det korrekt at du skal betale mva for sendinga.

    Dersom tolldokumentasjonen er spesifisert for hver enkelt vare, vil berre øvrige varer bli avgiftsbelasta. Det vil seie at bøkene ikkje vil bli momsbelagd.

  • 11. Eg ønsker ikkje å hente sendinga som har kome fram til meg frå utlandet. Må eg betale avgiftene då?

    Nei, du må ikkje betale avgifter.

    Sendinga blir returnert etter 14 dagar om du ikkje gjer noko.

    Vil du at sendinga skal returnerast før 14 dagar har gått, må du skrive ”Retur nekta motteke” på hentemeldinga og levere den til Posten. Sendar vil bli belasta med returporto for pakker.