Til hovedinnhold

Noregspakka

Noregspakka gjeld for alle pakker i Noreg, opptil 35 kilo.


Førehandsbetaler du på nett, sparar du minimum 10 prosent per pakke. 
Noregspakka er sporbar og forsikra for inntil 10 000 kroner.

Du betaler for pakka ved levering på Posten eller ved å førehandsbetale og skrive ut adresselappen her.

Leveringstid er ein til tre arbeidsdagar, men på enkelte strekningar opptil fem.

Pris per Noregspakke:

Vekt inntil: Betal på posten.no: Betal på Posten:
10 kg 145,- 175,-
25 kg  260,- 295,-
35 kg 370,- 410,-
Uemballert sykkel --- 1050,-
Handteringstillegg* 119,- 119,-
Tillegg Svalbard 263,- 263,-

Førehandsbetal pakke til Svalbard.

 

Pris per Noregspakke med postoppkrav:

Vekt inntil: Betal på posten.no: Betal på Posten:
10 kg 218,- 278,-
25 kg 333,- 398,-
35 kg 443,- 513,-
Handteringstillegg* 119,- 119,-
Tillegg Svalbard 263,- 263,-

* Handteringstillegg gjeld for spesialgods.
Spesialgods er:
- Pakker med lengde over 120 cm, breidde over 60 cm og/eller høgde over 60 cm
- Spesialgods kan ikkje vere lenger enn 240 cm og lengde + omkrets 360 cm
- Pakker utan ytre emballasje
- Pakker i rulleform
Det bereknast eit fast pristillegg per kolli.

For meir informasjon om spesialgods, kontakt kundeservice.

Svalbard er å rekne som utland når det kjem til pris og toll. Les meir om pristillegg og tollreglar for Svalbard.

 

Erstatning

Inntil 10 000 kroner ved skade eller tap.
Posten er ikkje ansvarleg for følgeskadar, se Postens generelle leveringsvilkår. Dersom du ønsker forsikring mot følgeskadar, visar vi til tenesta Express – Over natta kontant, som har følgeskadeerstatning som del av produktvilkåra.

Mål og vekt

Maks vekt: 35 kg per sending
Maks mål: 120 x 60 x 60 cm
Minimumsmål: 23 x 13 x 1 cm

Noregspakka med postoppkrav

Treng du sikker innbetaling for pakka du sender, kan du sende Noregspakka med postoppkrav.

Mottakar betaler for pakka når vedkomande hentar pakka på Posten.

Frå mottakar har henta sendinga og betalt postoppkravet, vil det vanlegvis ta ein til to dagar før beløpet er på kontoen din. Henting og innbetalingar på ein fredag vil først bli utbetalt på måndagen.

Returnerte pakker

Når uavhenta pakker blir returnert, betaler avsendar same porto som for ei tilsvarande ny pakke.