Norgespakke™ stor
Sende pakke i Noreg

Vi tilrår Norgespakke™ når du skal sende pakke i Noreg. Spar tid og pengar ved å betale på nett.
Eske med innhold som er godt beskyttet.

Er pakken under 5 kg og under maksimumsmåla 35 x 25 x 12 cm, er Norgespakke™ liten billegare og enklare å senda.

Norgespakke™ stor er sporbar og gjeld for pakkar opptil 35 kilo. Ved tap eller skade blir det gitt erstatning for inntil 10 000 kroner. Leveringstida er éin til tre virkedager, men på enkelte strekningar opptil fem. Leveringstida er rettleiande.

Slik sender du pakken:

  • Pakk inn det du skal senda. Om du ikkje har ei eske eller gråpapir, kan du kjøpa emballasje på Posten.
  • Registrer pakken og betal på nett, skriv ut adresselappen, og fest han på pakken. Adresselappen kan du òg få på Posten viss du viser kvitteringen.
  • Lever pakken på Posten.

Du kan betale på Posten om du vil, men nettbetaling på forskot er billegare

Skal du sende pakke til Svalbard, må du fylle ut tollpapir. Les meir her og fyll ut tollpapira.

Priser for Norgespakke™ kjøpt online eller på Posten

Kva det kostar å sende Norgespakke™, kjem an på vekta på pakken, og om du betaler på nettet eller på Posten.

Kva det kostar å senda Norgespakke™, avheng av kor tung pakken er, og om du betaler på nett eller på Posten.
Er pakken under 5 kg og under maksmålene: 35 x 25 x 12 cm er det billegare å bruka Norgespakke™ liten.

Vekt opp tilBetal på førehand på posten.noBetal på Posten
10 kg135,–177,–
25 kg240,–293,–
35 kg314,–377–
Sykkel utan emballasje---1164,–
Handsamingstillegg for sendingar utan ytre emballasje186,–186,–
Handsamingstillegg for sendingar i rulleform186,–186,–
Handsamingstillegg for sendingar lengre enn over 120 cm, breiere enn 60 cm og/eller høgare enn over 60 cm186,–186,–
Stoppkrav, kalle tilbake sending, endre adresse. Ny porto kjem i tillegg.---258,–
Ettersende pakke---100,–

Betal pakke til Svalbard på førehand. 

Postoppkrav

Treng du sikker innbetaling for pakken du sender, kan du sende Norgespakke™ med postoppkrav.

Spørsmål og svar om Norgespakke™ stor

  • Handsamingstillegg gjeld slik:

    – Pakkar utan ytre emballasje får handsamingstillegg.
    – Pakkar i rulleform får handsamingstillegg.
    – For pakkar der éi av sidene er over 120 cm eller to av sidene er over 60 cm, blir det lagt til eit pristillegg for manuell handsaming.
    – Sendingane kan ikkje vere lengre enn 240 cm og lengd + omkrins 360 cm.

    Det kjem til eit fast pristillegg per kolli på 186,– kroner.

  • Maksimal vekt: 35 kg per sending

    Maksimumsmål: inntil 240 cm lengd, og lengd + omkrins inntil 360 cm. Kjøp på nettet eller på Posten.
    For pakkar der éi av sidene er over 120 cm eller to av sidene er over 60 cm, blir det lagt til eit pristillegg for manuell handsaming på 186,– kroner.

    Minstemål: 23 x 13 x 1 cm

  • Når mottakaren ikkje hentar pakken innan fristen, blir pakken returnert til avsendaren. Avsendar må då betale same pris som for ein tilsvarande ny pakke. Les meir om hentefristar.

  • Svalbard blir rekna som utland når det gjeld pris og toll. Les om pristillegg og tollreglar for Svalbard.

  • Førehandsmeldinga blir lagra i tre månader i systema våre. Innanfor denne perioden kan kundane nytte adressekort som er kjøpte på nettet.