Til hovedinnhold

Sende pakke til utlandet

Med Carryon Cash kan du sende ei pakke opptil 20 kilo.


Skal du sende ei pakke til utlandet, kan du sende inntil 20 kilo. Pakka kan sendast til heile verda, mens sporing av pakka er avgrensa til dei fleste land i Europa og Nord-Amerika. Adressekort med tollfaktura kjøper du på postkontoret eller Post i Butikk.

Søk informasjon om kva du kan sende til kvart enkelt land.
 

Finn riktig porto

Land i:
Vekt
Vekt

Pris

339372,-

Forklaring til priskalkulatoren:

Europa er ekskludert Færøyene og Grønland.

Pris diverse tillegg (per pakke):
Handteringstillegg*: 119 kroner
Pakker frå Svalbard: 263 kroner
Retur: Same pris som for tilsvarande ny pakke

* Handteringstillegg gjeld:
- pakker med lengde over 120 cm, breidde over 60 cm og/eller høgd over 60 cm
- pakker utan ytre emballasje
- pakker i rulleform

Pakka kan vere inntil 150 cm lang, og lengde + omkrets må ikkje overstige 3 meter.
Minstemålet er 23 x 13 x 1 cm.

Ulovleg innhald og restriksjonar

Pakka må ikkje innehalde våpen, ammunisjon, levande dyr, levningar, tobakksvarer, farleg gods eller verdifullt innhald som gull, sølv, edelsteinar, myntar, setlar eller verdipapir.

Innhaldet må heller ikkje overstige ein verdi på 100 000 kroner per pakke.

Somme land har lågare maksimumsmål og -vekt, samt at landa kan ha ulike reglar for kva som er tillate å sende. 

For nærare informasjon om kva for reglar som gjeld for kvart land, søk her.

Tollinfo eksport

Alle pakker som sendast ut av Noreg, må tollhandsamast. Tollstyresmaktene, både i Noreg og i mottakarlanda, stiller krav til at diverse tolldokumentasjon følgjer sendinga di. Om opplysningar saknast eller om dokument er mangelfullt utfylt, kan sendinga di bli forseinka.

Som avsendar er du ansvarleg for å leggje ved korrekt informasjon om sendinga di. Det er òg viktig at du undersøkjer kva som er tillate innført i mottakarland, slik at pakka di kjem trygt fram.

Tollreglar

Adressekort må kompletterast med tollfaktura. Denne tollfakturaen må underskrivast for hand.

Desse sendingane må ha med ein utfylt tollfaktura:

  • Pakker med vareverdi over 5000 kroner.
  • Pakker som skal returnerast.
  • Pakker som sendast mellombels ut av Noreg, til dømes varer til reparasjon.

For gåvesendingar mellom privatpersonar tilrår vi alltid ein utfylt tollfaktura vedlagd pakka. Tollfaktura skal innehalde spesifikke opplysningar om innhald, verdi og det skal klart gå fram at det er ei gåve.

Les meir om korleis du fyller ut tolldokumenta riktig og kva for dokument du må fylle ut.