02. januar 2013 - Norsk mote

Norsk motedesign er liten i internasjonal samanheng, men også norske moteskaparar har gjort seg gjeldande dei siste førti åra. Den største stjerna er utan tvil Per Spook, som gjennom sin eventyrlege karriere bana veg også for andre norske designsuksessar.

1835S
NK 1835
1836S
NK 1836

Dei siste åra er fleire komne til, godt hjelpte av Oslo Fashion Week, som starta opp i 2003. Modellane som er viste på frimerka, er skapte av Nina Skarra og Camilla Bruerberg.

Nina Skarra kom for alvor i søkjelyset i media hausten 2012. Då fekk ho som første skandinav vise kolleksjonen sin under New York Fashion Week. Dette årlege arrangementet er ei av dei største og viktigaste motehendingane i verda.

Her var ho i godt selskap, med tungvektarar som m.a. Alexander Wang, Marc Jacobs og Ralph Lauren. Å få vise kolleksjonen sin for ei heil moteverd i New York opnar mange dører. I dag er Nina Skarra representert med eigen design i moteforretningar i London, New York og Paris, for ikkje å snakke om i garderobeskåpet til skodespelaren Angelina Jolie og kronprinsesse Mette-Marit.

Skarra er utdanna ved University of Arts i London. Gjennom klesmerket Nina Skarra har ho gitt modellane sine ein miljøprofil, og ho har inngått samarbeid med FN om utvikling av en berekraftig tekstilindustri. Camilla Bruerberg har gjennom klesmerket C/BRUERBERG hausta stor fagnad for herremoten ho designar. Design for sjølvsikre menn, menn som ikkje er redde for å skilje seg ut, seier ho sjølv. Ho nyttar mykje ull og silke og har ein forkjærleik for strikkeplagg, gjerne laustsitjande og romslege. Ho er heller ikkje framand for å la menn vise berr hud, gjennom transparente klede. Camilla Bruerberg er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho hentar mykje inspirasjon gjennom samarbeid med norske musikarar og kulturinstitusjonar, som Morten Harket, bandet Röyksopp og Det Norske Teatret.

NK 1835-1836
Utgjevingsdag: 2. januar 2013
Verdiar og motiv:
Kr 15,00: Nina Skarra (ill. Esra Røise)
Kr 15,00: Camilla Bruerberg
Design: Kristin Granli
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print