10. november 2017 - Høyrsel og språk

Gjennom hundre år har Hørselshemmedes Landsforbund og Norges Døveforbund arbeidd for eit samfunn med like mogelegheiter for døve og høyrselshemma som for høyrande.

NK1970S
NK 1970
NK1971S
NK 1971

Etter eit studieopphald i Danmark stifta læraren Jacobine Rye i 1917 ei velforeining for tunghøyrde i Kristiania. Tunghørtes Vel, seinare Norges Hørselvern, går i dag under namnet Hørselshemmedes Landsforbund. HLF er den største høyrselsorganisasjonen i verda, med over 62 500 medlemmer. Dei arbeider opp mot politikarar og styresmakter med eitt mål for auge; å gjere kvardagen enklare for dei høyrselshemma.

Norges Døveforbund vart stifta 18. mai 1918 og har i dag nærare 2 800 medlemmer fordelt på 22 lokallag og to fylkeslag. Organisasjonen skildrar seg sjølv som ein språkpolitisk organisasjon «for tegnspråklige og arbeider for å styrke norsk tegnspråks stilling på alle områder i samfunnet». Det overordna målet til Døveforbundet er å oppnå full deltaking og likestilling i samfunnet for døve og høyrselshemma.

HØYRSELSSAKA 100 ÅR / NORGES DØVEFORBUND 1918-2018

NK 1970-1971
Dato: 10. november 2017
Verdiar og motiv: Kr 20: Tomme snakkebobler Kr 20: Det internasjonale teiknet for «eg elskar deg»
Design og illustrasjonar: Trond Nordahl
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print