6. november 2020 Julefrimerker

Stemningsfulle julegater og julemarknader er blitt ein sjølvsagt del av høgtida her til lands.

Julemarknadene poppar gjerne opp i adventstida. Og anten du er på utkikk etter ein heimestrikka ullgenser, norsk spekemat eller heimelaga marsipan, kan julemarknadene by på unike produkt som høyrer jula til.

NK 2042

Her heime blir det arrangert godt over 200 større julemarknader i førjulstida. Julemarknaden i Trondheim, som blir halden på Torvet og i Kongens gate, var i 2016 med på Daily Telegraph si liste over dei beste julemarknadene i Europa.
Oslo er også kjend for julemarknadene sine, kanskje spesielt marknaden i Spikersuppa med det ikoniske pariserhjulet (Julestjerna) som lyser opp i vintermørket.

Stemningsfulle julegater

Når ein vandrar gjennom norske julegater med titusenvis av lys, er det vanskeleg å førestille seg høgtida utan elektrisitet. Men slik var det lenge, elektriske anlegg begynte å dukke opp i Noreg i slutten av 1870-åra, men det blei lenge sett på som luksus.

NK 2043

I desember 1927 skreiv Aftenposten ein artikkel som tok til orde for høgtidspynting av hovudgatene: «Her i vore vinterland trænger vi mere end andre steder lys og sol. Naar livgiveren – solen selv – uteblir, faar vi hjelpe os med kunstig lys.»

Allereie året etter braut storslagne dekorasjonar ut gjennom vintermørkret som svar på avisa sin konkurranse, som lét lesarane kåre byens vakraste julegate.
Forventningane om rikt dekorerte julegater spreidde seg etter kvart til store delar av Noreg, og i desse dagar finn ein gater pynta med magisk førjulsstemning i byar og bygder heile vegen frå Lindesnes til Hammerfest.

Les Postens pressemelding

Fakta


  • Nummer: NK 2042-43
  • Motiv: Julegate og julemarknad på Maihaugen, Lillehammer
  • Designer: Kristin Granli
  • Foto: Paul Kleiven / NTB Scanpix, Esben Haakenstad
  • Verdi: Kr 17 (innland 20 g) x 2
  • Utgitt i: Hefte à 10 frimerke
  • Opplag: 2 100 000 av kvart frimerke
  • Trykk: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland