Kronprinsparet 50 år

Sommaren 2023 fyller kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit begge 50 år.

Les Postens pressemelding her

Les mer om frimerkeutgivelsen i VG

I NRK Radio sin portrettserie «Sommer i P2» fortalde kronprins Haakon om det første møtet med Mette-Marit i 1999 og kvifor han fall for ho:
– Den lyse sørlandsjenta gjorde inntrykk på meg. Du merkar godt når Mette kjem inn i eit rom. Det er ei kraft der som ikkje er så lett å oversjå. Ho verka sjølvsikker og verdsvan. Og var fin å prate med. Det kjentest trygt når vi var saman. 

2101.jpg
NK 2101


Kronprinsesse Mette-Marit roste ektemannen og beskreiv han slik:
– Han såg meg. Han forstod meg. Han var nysgjerrig. Og han heldt meg.

2102.jpg
NK 2102


Kronprinsparet fekk ei dotter i 2004, prinsesse Ingrid Alexandra, som i kraft av å vere kronprinsen sitt eldste barn er arveprinsesse og nummer to i arverekka til trona, etter sin far. I 2005 fikk kronprinsparet det andre felles barnet, prins Sverre Magnus. Kronprinsen er òg stefar til Marius Borg Høiby, som kronprinsessa har frå eit tidlegare forhold. Kronprinsfamilien bur på Skaugum i Asker.

Fakta

  • NK 2101-2102 
  • 14. juni 2023
  • Motiv: Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit
  • Illustrasjonar: Trond Bredesen
  • Design:Camilla Kvien Jensen
  • Verdiar: kr 23 (innland 20g)
  • Utgjevne i: Rull á 100 frimerke (50 i kvart motiv)
  • Opplag: 1 528 150 frimerke i kvart motiv
  • Trykkmetode: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland