12. juni 2025 Friluftlivets år
Se Postens pressemelding om utgivelsen
På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet er Norsk Friluftsliv ansvarleg for å leie og gjennomføre årets arrangement. Norsk Friluftsliv er ein paraplyorganisasjon for 18 norske frivillige organisasjonar, som til saman har over 5.000 lokale lag og foreiningar med meir enn 950.000 medlemmar. Saman med lokale friluftsråd og myndigheiter arbeider dei for å skape merksemd om friluftsliv over heile landet. Målet med prosjektet er å synleggjere og leggje til rette for lokale aktivitetar, samt å skape varige effektar knytte til opplevinga av friluftsliv. Born, unge og andre målgrupper skal introduserast for naturopplevingar og lære grunnleggjande ferdigheiter for eit trygt friluftsliv.

Friluftslivets år startar med arrangementet «Heile Noreg båler» den 18. januar, der deltakarane samlast rundt bål over heile landet for å bli kjende med andre naturinteresserte. Den første veka i september er «Friluftslivets veke», med fleire markeringar og aktivitetar over heile landet. Temaa for veka er «Natt i naturen», «Friluftslivets dag», «Soppens dag», «Turmat frå heile verda-dagen» og «Tur med meining», der ein går tur og plukkar søppel. «Tur med meining» er i tillegg eit samarbeid med Strandryddeveka.

Den 10. oktober markerer arrangementet «Heile Noreg saman på tur» Verdsdagen for psykisk helse, med fokus på dei positive effektane av friluftsliv for både mental og fysisk helse. Friluftslivets år vert avslutta med «Frivilligheitas dag» den 5. desember, der ein anerkjenner og viser betydninga av frivilligheita i friluftslivet.

I fjor sommar arrangerte Posten og Norsk Friluftsliv ein fotokonkurranse for å finne motiv til fire nye frimerke. Nesten 3.000 unike bilete blei lasta opp til konkurransen via Facebook og Instagram, og juryen stemte fram fire flotte vinnarbilete. Vinnarane var Eirin Strømme Vik frå Tustna, Camilla Wangen frå Skreia, Aina Brusveen frå Lillehammer og Yasemin Ferah frå Oslo, med bilete frå ulike naturopplevingar rundt om i Noreg.
Vi gratulerer!

Fakta
Dato: 12.06.2025
Nummer: NK 2143-2146
Motiv: Vår, sommar, haust, vinter
Design: Julie Olsen
Foto: Eirin Strømme Vik, Camilla Wangen, Aina Brusveen, Yasemin Ferah
Verdiar: Kr 25 (innland 20 g) x 4
Storleik: 25 x 45 mm
Utgjevne i: Rull à 100 frimerke (25 av kvart motiv)
Opplag: 83 375 frimerker av hvert motiv
Papirtype: Rull: Securpost 178 grs. self-adhesive stamp paper with glassine backing
Frimerke til filateliproduksjon: Securpost 178 grs. self-adhesive stamp paper
Trykk: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland