Frimerker til samling

2. mars 2026 Bunader

Bunaden – meir enn eit festplagg

Den 5. desember 2024 vart bunadsbruken i Noreg innskriven på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Dette markerer ei internasjonal anerkjenning av bunaden som ein levande tradisjon, eit handverk og ein sosial praksis med stor betydning for identitet og tilhøyrsle i det norske samfunnet. Immateriell kulturarv omfattar tradisjonar og kunnskap som blir vidareførte mellom menneske, som språk, ritual, handverk og sosiale skikkar. 

NK 2162

Prosessen med å få bunaden på UNESCO-lista starta i 2017, og var eit samarbeid mellom fem organisasjonar: Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon. Søknaden bygde på fagkunnskap, undersøkingar og innspel frå heile landet. Under UNESCO sitt møte i Paraguay vart søknaden godkjend, og norske representantar i bunad fekk stor merksemd. 

NK 2163

Bunaden er eit sterkt symbol på lokal og regional identitet, brukt av folk i alle aldrar og samfunnslag. Over 70 % av norske kvinner og 20 % av menn eig ein bunad, som blir brukt ved høgtider og i kulturmiljø. Det finst over 450 ulike bunader, og mange har personleg verdi gjennom arv eller familieproduksjon. Handverket bak bunaden, ofte basert på tradisjonelle teknikkar og norsk ull, er ein viktig del av kulturarven. 

UNESCO-anerkjenninga inneber ansvar: vidareføring krev innsats frå styresmakter, organisasjonar og enkeltpersonar. Bunaden er ein inkluderande tradisjon med både tradisjonelle og kreative uttrykk, og representerer ei levande forteljing om norsk kultur som skal delast med framtidige generasjonar og verda.

Fakta

Dato: 02.03.2026 
Nummer: NK 2162-2163 
Motiv: Kvinnebunad (festdrakt) frå Indre Nordhordland og mannsbunad frå Aust-Telemark
Design: Magnus Rakeng 
Foto: Ole Ekker/Norsk Flid 
Verdiar: Kr 46 (Noreg stort), kr 69 (Noreg ekstra stort) 
Storleik: 30 x 38 mm 
Utgjeven i: Ark à 10 frimerke  
Opplag: Noreg stort: 100 000 frimerke, Noreg ekstra stort: 145 000 frimerke 
Papir: Ark: 246 grams self-adhesive stamp paper 
Frimerke til filateliproduksjon: 178 gsm TR8 self-adhesive stamp paper 
Trykk: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland