Internasjonal svarkupong

Forskotsbetaling av svarporto

Skal du sende brev til utlandet og vil la mottakaren sleppe å betale for å svare deg? Då er ein internasjonal svarkupong ein enkel måte å gjere det på.

Internasjonale svarkupongar blir selde berre på postkontora og ikkje i Post i Butikk. Du kan òg kjøpe dei i nettbutikken. Kupongane gjeld som betaling for brev i den lågaste vektklassa frå utlandet til Noreg.

Du legg kupongen i det brevet du vil ha svar på. Mottakaren byter kupongen i frimerke i det landet der han eller ho postlegg returbrevet.

Prisar for Internasjonal svarkupong

Forskotsbetaling av svarportoPris
Pris per kupong38,–
Innbyteverdi i Noreg37,–