Til hovedinnhold

16. april 2010 - Turistfrimerker

Temaet for turistfrimerka i år er Nasjonale turistveger. Statens vegvesen har valt ut 18 strekningar som går gjennom det flottaste av norsk natur.


Langs vegane er det bygd utsiktspunkt og rasteplassar. Her skal smakfull arkitektur og kunst stimulere dei vegfarande til å bruke og nyte naturen. Seks turistvegar er blitt motiv på frimerke.

1749
Nasjonal turistveg Valdresflye


Vegen over Valdresflye gjer eit endelaust vidsyn over vidda, med god utsikt inn i Jotunheimen nasjonalpark. Den nasjonale turistvegen går mellom Garli og Besstrondsæter, med høgaste punktet på 1389 moh.

1750
Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen


Gamle Strynefjellsvegen, mellom Grotli og Videsæter, er eit over hundre år gammalt kulturminne. Vegen har alltid vore vinterstengd. Heilt fram til 1950-talet var det handemakt som blei brukt når vegen skulle opnast for sommaren. I vekevis spadde 200 mann seg milevis fram og la fleire meter høge brøytekantar bak seg. I dag blæs moderne snøfresarar vegen rein for snø på nokre få dagar.

1751
Nasjonal turistveg Sognefjellet


Nasjonal turistveg Sognefjellet går over fjellet mellom Sognefjorden og Bøverdalen. Mellom fjord og fjell slyngjer vegen seg fram over eit høgfjell med blåis, spisse tindar og smaragdgrøne fjellvatn. Ved Fantesteinen, 1434 moh., passerer vegen den høgaste fjellovergangen i Nord-Europa.

1752
Nasjonal turistveg Geiranger - Trollstigen


Geiranger – Trollstigen er vegen gjennom norsk vestlandsnatur på sitt mest dramatiske. I hjartet av Romsdalen slyngjer Trollstigvegen seg gjennom elleve hårnålssvingar opp til Stigøren, 852 moh. Trollstigen er eit eksempel på stor ingeniør- og bygjekunst.

1753
Nasjonal turistveg Helgelandskysten nord


Nasjonal turistveg Helgelandskysten nord, mellom Storvik og Stokkvågen, buktar seg langs kyst og hav, fjell og bre, med storslått utsikt over hav og øyar. Frå vegen kan du sjå Svartisen. Kontrasten mellom dramatikk og idyll, mellom spisse fjell, kvite strender og smaragdgrønt hav, er Lofotens eigenart. Gjennom ein del av dette landskapet, mellom Fiskebøl og Å, går Nasjonal turistveg Lofoten.

1754
Nasjonal turistveg Lofoten(Hadsel, Vågan, Vesvågøy, Flakstad og Moskenes kommunar)

Fakta

Nummer: NK 1749-1754
Motiv: Valdresflye, Gamle strynefjellsvegen, Sognefjellet, Trollstigen, Helgelandskysten nord, Lofoten
Design: Enzo Finger
Verdiar:  
Kr 8,50 (valør A-innland) x2
Kr 11,00 (valør A-Europa) x2
Kr 13,00 (valør A-verda) x2
Opplag: 
A-innland: 1 051 000 frimerkehefte
A-Europa: 251 000 frimerkehefte
A-verda: 201 000 frimerkehefte
Tal: Hefter à 10 selvklebande frimerke
Trykk: Offset frå Joh. Enschedé, Nederland