14. september 2012 - Norsk populærmusikk IV

Mannlege artistar

Sondre Lerche (f. 1982) gav allereie som 19-åring ut debutalbumet ”Faces Down” (2001). For det fekk han Spellemannprisen som årets nykommar. Seinare følgde albuma ”Two Way Monologue” (2004) og ”Duper Sessions” (2006). I tillegg til sin heimlege suksess har Sondre Lerche allereie rokke å bli ein etablert artist i USA, Australia og store delar av Europa.

NK 1824
Sondre Lerche

Ole Paus (f. 1947) debuterte med albumet ”Der ute – der inne” i 1970. I 1972 følgde han opp med ”Garman” og året etter med ”Blues for Pyttsan Jespersens pårørende”. Han markerte seg med sterkt satiriske og samfunnsrefsande tekstar. Det gjorde han både populær og omstridd. Han har forsynt oss med eit vell av songar som har oppnådd klassikarstatus, som ”Mitt lille land”, ”Innerst i sjelen”, ”Alt var mye bedre under krigen” og ”Mæsjen og Påsjen”. I 1976 vant Ole Paus Spellemannprisen for albumet ”I anstendighetens navn”. Under Spellemannprisen 1998 blei han tildelt juryens heiderspris.

NK 1825
Ole Paus

Av mange er Åge Aleksandersen (f. 1949) rekna for å vere Noregs ukrona rockekonge. Gjennombrotet kom med albumet ”Lirekassa” i 1977. Året før blei bandet Sambandet stifta, og Åge & Sambandet serverte hitlåtar på løpande band. Det førte til fleire spellemannprisar. Under prisutdelinga i 1984 framførte Åge Aleksandersen ”Lys og varme”. Songen gjorde Åge til allemannseige. I åra som følgde, sette han sin signatur på ei rekkje topplåtar. Vi nemner ”Fire pils og en pizza”, ”Rosalita”,”Min dag”, ”Linedans” og ”Trondheimsnatt”. Under Spellemannprisen 2006 blei han tildelt juryens heiderspris. Same året blei han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden. Som ein av fem norske artistar blei Åge Aleksandersen i 2011 innlemma i Rockheim Hall of Fame i Trondheim.

NK 1826
Åge Aleksandersen

Morten Abel (f. 1962) starta artistkarrieren sin med bandet Mods. I 1987 starta han The September When, som to år seinare debuterte med albumet ”The September When”. Gjennombrotet kom i 1991 med ”Mother, I’ve Been Kissed”, og etter dette følgde fire album. Nokre av dei inneheld solide hitlåtar, m.a. ”Bullet Me” og ”Cries Like A Baby”. Solokarrieren starta i 1997 med albumet ”Snowboy”. I 1999 kom albumet ”Here We Go Then, You And I”. Det førte til at han under Spellemannprisen 2001 vann to klassar og blei kåra til Årets spellemann.

NK 1827
Morten Abel

Fakta

Nummer:  NK 1824-1827
Dato:   14. september 2012
Motiv:   Sondre Lerche, Ole Paus, Åge Aleksandersen, Morten Abel
Design:  Madeleine M. Karlstrøm
Verdi:   Kr 9,50 (A-post innland)
Opplag:  2 602 500 av hvert frimerke
Type:   Fire selvklebende frimerker etter hverandre  i rull på 100 frimerker
Trykk:   Offset fra Joh. Enschedé Security Print, Nederland