13. november 2015 - Julefrimerker

Heilt frå 1870-talet har juleposten og julekorta vore ein viktig del av norsk juletradisjon. Brev og kort til familie og vener blei ein del av førebuingane i adventstida og julekorta tekne vare på som viktige minne.

Det første julekortet som vart sendt i Noreg er datert 1870. I Europa hadde dette vore ei vanleg helsing til familie og vener ei god stund då skikken nådde oss. I starten kopierte me europeiske kort og gav dei ein norsk tekst. Dei første norsk-produserte korta hadde vintermotiv, og ofte var det ein skiløpar med i motivet. Ved sidan av fuglane i fugleneket, var òg grisen ofte med i dei teikna julekorta.

NK 1923-1924
Juletre/julepakke

Då «Der Weinachtsmann» og «Santa Claus» gjorde sitt inntog i europeisk julefeiring tok me raskt etter, og julenissen vart eit svært populært motiv. Etter kvart vart fleire av korta teikna med humoristiske motiv. Mange av nissekorta til Kjell Aukrust er i dag svært populære samleobjekt som oppnår høge prisar på auksjonar, og nettopp Aukrust var særleg flink til å gje korta sine eit humoristisk preg.

Julefrimerka er av nyare dato. Austerrike ga ut det første postale julefrimerket i 1948, då som et minnefrimerke for salmen «Glade jul». Det første norske frimerket laga med tanke på juleposten kom ut i 1971.

Professor i folkeminne Olav Bø skreiv ei bok om «Vår norske jul» for over tretti år sidan. I kapitlet om førjulstida og førebuingane hadde han eit eige avsnitt om «Julepost». Bø påpeikte her at jule-posten spela ei sentral rolle i juleførebuingane, i lag med Lucia-feiring, julebakst, slakting, ølbrygging, støyping av lys og pakking av gåver. Nettopp pakkene og juletreet er motiv på julefrimerka i år, og dei vil nok ha rukke å pryda mange julekort før kyrkjeklokkene ringjer jula inn.

Julefrimerke

NK 1923-1924
Utgjevingsdag: 13. november 2015
Verdiar og motiv:A innland: Juletre A innland: Julepakke
Design: Kristin Granli
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print.