2. februar 2026 Gjenbruk
Ved å kjøpe brukte ting, gi bort det vi ikkje treng, eller sortere avfallet vårt, sparer vi både pengar og miljøet.
Å handle brukt er økonomisk, sosialt og miljøvennleg, og reduserer behovet for nye varer, noko som sparer ressursar og energi. Gjenbruk handlar òg om kreativitet, som å lage ei pute av ein gamal genser. Northern Playground er eit norsk firma som fokuserer på kvalitet, reparasjon og gjenbruk, og oppmodar kundane til å reparere og selje brukte klede. Gjennom små, bevisste val kan alle bidra til ei meir berekraftig verd.
Posten Bring kjøper inn store mengder uniformar og sko kvart år. Av tryggleiksgrunnar må alle tilsette levere uniformane attende når dei sluttar i konsernet. Tidlegare har slikt innlevert tøy gått til forbrenning og energigjenvinning, og berre i 2024 vart over 16 tonn uniformar destruerte.
Dette, saman med eit nytt EU-regelverk om avhending av tekstil, var bakteppet for at Posten Bring starta eit spanande prosjekt for gjenbruk av uniformar og sko. Uniformar frå heile landet, som tidlegare ville ha gått til destruksjon, vert no sende inn til distribusjonseininga i Larvik. Her ligg det reine og brukbare plagg i mange storleikar – alt frå t-skjorter og toppar til alle typar jakker og meir enn ein million kroner blitt redda frå destruksjon.
Fakta
Dato: 02.02.2026
Nummer: NK 2161
Motiv: Bestefarskjorte
Utforming: Trude W. Gabrielsen
Foto: Oscar Røykenes, Posten Bring
Verdi: Kr 28 (Noreg lite)
Storleik: 25 x 36 mm
Utgjeve i: Rull à 100 frimerke
Opplag: 2 030 000 frimerke
Papirtype: Rull og frimerke til filateliproduksjon:
Securpost 178 grs self-adhesive stamp paper with glassine backing
Trykk: Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland