Norgespakken

Sende pakke innanlands

Vi tilrår Norgespakken når du skal sende pakke i Noreg. Spar tid og pengar ved å betale på nett.

Norgespakken kan sporast og gjeld for pakkar på opptil 35 kilo. Ved eventuelle tap eller skadar gir Posten vederlag på inntil 10 000 kroner. Leveringstida er éin til tre arbeidsdagar, men på enkelte strekningar kan det ta opptil fem arbeidsdagar. Leveringstida er rettleiande.

Slik sender du pakken:

  • Pakk inn det du skal sende. Om du ikkje har øskje eller gråpapir, kan du kjøpe emballasje på Posten.
  • Betal på forskot på nettet, skriv ut adresselappen og fest lappen til pakken.
  • Lever pakken på Posten.

Du kan betale på Posten om du vil, men nettbetaling på forskot er billegare.

Skal du sende pakke til Svalbard, må du fylle ut tollpapir. Les meir her og fyll ut tollpapira.

Pris Norgespakken

Kva det kostar å sende Norgespakken, kjem an på vekta på pakken, og om du betaler på nettet eller på Posten.

Vekt: Betal på posten.no: Betal på Posten:
0-10 kg 149,- 180,-
10-25 kg 268,- 305,-
25-35 kg 381,- 420,-
Uemballert sykkel --- 1080,-
Handsamingstillegg* --- 129,-
Tillegg Svalbard 288,- 288,-

* Handsamingstillegg gjeld for
– pakkar utan ytre emballasje
– pakkar i rulleform
– pakkar som er lengre enn 120 cm, over 60 cm breie og/eller over 60 cm høge

Betal pakke til Svalbard på førehand.

Postoppkrav

Treng du sikker innbetaling for pakken du sender, kan du sende Norgespakken med postoppkrav.

Spørsmål og svar om Norgespakken

  • Handsamingstillegg gjeld slik:

    – Pakkar utan ytre emballasje får handsamingstillegg.
    – Pakkar i rulleform får handsamingstillegg.
    – For pakkar der éi av sidene er over 120 cm eller to av sidene er over 60 cm, blir det lagt til eit pristillegg for manuell handsaming.
    – Sendingane kan ikkje vere lengre enn 240 cm og lengd + omkrins 360 cm.

    Det kjem til eit fast pristillegg per kolli på kr 129.

  • Maksimal vekt: 35 kg per sending

    Maksimumsmål: inntil 240 cm lengd, og lengd + omkrins inntil 360 cm. Kjøp på nettet eller på Posten.
    For pakkar der éi av sidene er over 120 cm eller to av sidene er over 60 cm, blir det lagt til eit pristillegg for manuell handsaming på kr 125.

    Minstemål: 23 x 13 x 1 cm

  • Når mottakaren ikkje hentar pakken innan fristen, blir pakken returnert til avsendaren. Avsendar må då betale same pris som for ein tilsvarande ny pakke.

  • Svalbard blir rekna som utland når det gjeld pris og toll. Les om pristillegg og tollreglar for Svalbard.

  • Førehandsmeldinga blir lagra i tre månader i systema våre. Innanfor denne perioden kan kundane nytte adressekort som er kjøpte på nettet.