Hastar det?

Sende ekspresspakke til utlandet

Bruk QuickPack når du skal sende pakkar ut av Noreg på raskaste måte. Du kan sende inntil 35 kilo og til dei fleste land i verda.

Du må leggje ved tollfaktura (pdf) på alle sendingar, men tollhandsaming er inkludert i prisen. Toll- og meirverdiavgift vil kunne komme i tillegg. Du får gratis øskje på Posten, men du kan òg sende i eigen emballasje.

Merking, mål og vekt

Du må fylle ut eit standard fraktbrev på engelsk, og alle felta må fyllast ut. Dette får du på Posten. Postboksadresse er ikkje gyldig som leveringsadresse.

Maksimumsmål: 120 x 60 x 60 cm
Maksimumsvekt: 35 kg per kolli

Ulovleg innhald i QuickPack-sendingar

Dette er ulovleg: våpen, ammunisjon, kunst, levande dyr, leivningar, biologisk materiale av menneske og dyr, sigarettar og andre tobakksvarer, farleg gods, verdfullt innhald som gull, sølv, edelsteinar, myntar, setlar og verdipapir, og mat og medisinar.

Sendingar med ulovleg innhald vil bli returnerte for kunden si rekning.

Sjå her kva du kan sende til ulike land..

Leveringstid

Vi leverer innan to arbeidsdagar til dei fleste sentralområda i Europa og Nord-Amerika og innan tre til fire arbeidsdagar til dei fleste stader i verda.

Om du vil spore pakken din, bruk  Track by Reference. Her legg du inn kollinummeret du fekk hos Posten.