2. januar 2010 - Ville dyr i Noreg V

Oteren (Lutra lutra) er med sin lange, straumlinjeforma kropp ein dyktigare symjar enn dei fleste andre landpattedyr.

Men til forskjell frå sjøpattedyr må han ofte opp for å puste. Dei fleste dykk varer mindre enn eit halvt minutt.
Den flate skallen gjer at oteren kan ha nase, øyre og auge over vatnet med berre ein liten trekant av hovudet og kanskje ei stripe av ryggen synleg. Fisk er det vanlegaste byttet, men han jaktar òg på krepsdyr, amfibium og fugl som rastar i vassvegetasjonen. Vaksne hannar veg 6–12 kg, og kroppslengda (utan hale) er rundt 70 cm. Leveralderen er opp til 18 år. Mest utbreidd i Noreg er oteren i kyststrok i Midt- og Nord-Noreg. Fram til 1932 var det skotpremie på oter. Bestanden var då sterkt redusert, men har seinare teke seg gradvis opp.

NK 1742
Oter

Lemen (Lemmus lemmus) er små, kompakte gnagarar, omkring 7-15 cm lange. Øyra er skjulte i den lange pelsen, og halen er kort. Lemen er planteetarar og et mest mose og gras. Levealderen i fangenskap kan vere opp til tre år. Ingen som har gått i fjellet somarstid eit lemenår (tredje- til fjerdekvart år), har unngått å leggje merke til denne spesielle gnagaren. Han pilar av stad, eller han sit rett framfor oss og pip hissig med hovudet bøygd oppover og tennene blotta. Neste år og åra etter kan vi gå i dei same traktene utan å sjå dyret. Det held helst til i det opne landskapet over tregrensa og i den øvre bjørkeskogen. I Sør-Noreg lever det derfor i fjellstroka, mens det i nord går nesten heilt ned til havet.

NK 1743
Lemen


Den norske jerven (Gulo gulo) er mørk brun, ofte så mørk at han verkar svart. Ein hannjerv kan bli ca. 100 cm lang og vege 25-30 kg. Levealderen er opp til 17 år. Jerven set store spor i høve til storleiken på dyret og er såleis godt tilpassa eit liv oppå snø og blaut myr. I Noreg er det rein som er hovudføda, men i tillegg lever han av andre dyr som rev, hare, piggsvin, smågnagarar og ryper. Få dyr har kraftigare kjevar enn jerven, med eit bitetrykk på fleire tonn. I Noreg finn vi jerv meir eller mindre samanhengande i fjellområda langs svenskegrensa heilt til Femunden i sør. Særleg utbreidd er han i Troms. Fram til 1973 var han jaga vilt, med skotpremie, men då vart han freda i Sør-Noreg. I 1982 vart jerven totalfreda i heile landet.

NK 1744
Jerv

Fakta

NK: 1742-44
Utgjevingsdag: 2. januar 2010
Verdi og motiv:
kr 15,00: Oter
Foto: © Kjell-Erik Mosei/NN/Samfoto
kr 16,00: Lemen
Foto: © Pål Hermansen/NN/Samfoto
kr 26,00: Jerv
Foto: © Kjell-Erik Moseid/NN/Samfoto
Design: Inger Sandved Anfinsen
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Royal Joh. Enschedé, Nederland