10. juni 2011- Det internasjonale skogåret (Europa-frimerker)

I global samanheng har norsk skog hatt ei ganske kort utviklingstid.

Dei første trea såg dagens lys mens isen enno heldt på å smelte over delar av landet for rundt 10 000 år sidan, men den store utbreiinga fann stad for rundt 8000 år sidan. Då var det eit stort innslag av varmekjære edellauvtre i sørlege og vestlege delar av landet, men etter kvart som landhevinga heldt fram etter at isen var smelta, kraup skoggrensa nedover. Større verknad hadde det då middeltemperaturen gjekk ned med minst 2,5 grader for rundt 2500 år sidan. Då blei skoggrensa senka med ytterlegare 300 meter, og edellauvtrea forsvann.

NK 1791
Moderne hogstmaskin i arbeid ved Elverum ein kald vinterdag.

I Noreg tok det lang tid før befolkningstettleiken og evna til å gjere store inngrep kom opp på eit nivåder mennesket blei ein økologisk faktor. Det skjedde med innføringa av jordbruket for rundt 5000 år sidan. Beitemark og dyrkingsjord måtte ryddast, hus og inngjerding kravde trevirke, og beitande husdyr sette sitt preg på vegetasjonen. Med stigande folketettleik auka også areala som blei påverka av menneskeleg aktivitet, m.a. industriell utnytting av trevirke.

NK 1792
Skogstemning ved Farrisvannet i Siljan

Båtbygging langs kysten og eksport av tømmer førte til ytterlegare avskoging. Fram til slutten av 1800-talet fekk dette skje ukritisk. Gode tømmerprisar og høgkonjunktur gav rekordavverking i 1873, med eit hogstkvantum på 16 millionar kubikkmeter. Til samanlikning utgjer hogsten i dag 10-12 millionar kubikkmeter. Eit vendepunkt i skogforvaltninga blei nådd på 1920-talet. Då blei det innført ein normalskogmodell. Modellen viste kor stor del av skogen som skulle liggje innanfor dei ulike hogstklassane, og skulle regulere hogstkvantumet over tid.

I nyare tid har eit viktig tema vore å bevare det biologiske mangfaldet i skogen. Årsaka er tap av skoglevande artar etter årelang intensiv utnytting av leveområda deira. Under FN-konferansen i Rio de Janeiro i 1992 blei det lagt fram ein internasjonal konvensjon om biologisk mangfald. Konvensjonen understrekar betydninga til dei livsoppretthaldande systema i biosfæren. Noreg var blant dei første landa som underteikna konvensjonen.

Fakta

NK: 1791-1792
Utgjevingsdag: 10. juni 2011
Verdiar og motiv:
Kr 12,00: Moderne hogstmaskin i arbeid på
Bjønnsåsen aust for Elverum ein kald vinterdag.
Foto: Sverre Morken
Kr 14,00: Skogstemning ved Farrisvannet,
Siljan, Telemark.
Foto: Leif Rustad /NN/ Samfoto
Design: Sverre Morken
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Enschedé Security Print