11. november 2011- Julefrimerker

Etter kvart som marknadskunnskapen auka hos postkortprodusentane, blei det spelt meir på folks kjensleliv.

Då den barne- og familiefokuserte julefeiringa greip om seg, vart dei romantiske juletradisjonane utpensla.

Frå sjølve julefeiringa viser korta særleg julaftanskikkar. Gjengangarane er kyrkjeturen med hest og kjerre, henting og pynting av juletreet og nærbilete av juleneket med dompap og kjøtmeis.

1803
NK1803


Jula på landet er nesten ein sjanger i seg sjølv. Her dominerer klisjeane frå storgardsmiljøet, med sledefart, juleselskap og det romantiske bondelivet.
Også mat og drikke er godt representert. Menyen kan vere samansett. Ofte får ein sjå heile oppdekkinga med kaker, frukt, sjokolade, kjøt og dessertar. I forbodstida (1917–1926) blei gjerne nissen brukt, litt humoristisk, til å formidle oppfatninga av nordmenns alkoholvanar.

1804
NK 1804

På årets julefrimerke er det barna som er postkortmotiv. Dei er ofte med, gjerne i situasjonar med juleførebuingar eller når pakkane blir opna. Pakkane er forresten eit hyppig julekortmotiv i seg sjølv, både før, under og etter opninga.

Fakta

  • NK 1803-1804
  • Utg jevingsdag: 11. november 2011
  • Verdiar og motiv:
  • A-innland: Gut med julebrev
  • A-innland: Jente med presang
  • Design: Kristin Granli
  • Trykk: Offset Joh. Enschedé Security Print