3. januar 2011 - Ville dyr i Noreg VI

Moskusen (Ovibos moschatus) er i slekt med både sau og storfe. Mulen, klauvene og den korte halen minner om sauen, mens dei fire spenane og kroppsstorleiken minner meir om kua.

Horna er òg bygde opp på same måten som hos storfe og sau, og fell ikkje av slik gevira på hjortedyra gjer. Eigentleg ser han mest ut som ein skapning frå fjerne tider, kompakt og rund i fasongen. Det store hovudet med dei karakteristiske horna sit lågt, liksom direkte på kroppen. Langt, mørkebrunt ragg heng over det heile, og beina er berre så vidt synlege.

NK 1778
Moskus

Moskus er eigentleg namnet på eit sterkluktande stoff. Gjennom to kjertlar, ein på kvar side av hovudet, skil dyret ut stoffet ved å gni kjertlane mot frambeina eller mot tuer og steinar. Kjem vi for nær ein moskus, er denne gnidinga av hovudet mot frambeina gjerne det første signalet om at han misliker oss.

Moskusen kjem opphavleg frå Canada, Alaska og Grønland. Til Noreg kom han i 1932, då dyr blei importerte frå Grønland og sette ut på Dovrefjell. Stammen er seinare blitt etterfylt og tel no rundt 200 dyr.

Eit møte med isbjørnen (Ursus maritimus) i hans rette miljø står høgt på ønskelista for alle som besøkjer Arktis. På same måten som pingvinane karakteriserer Antarktis, står isbjørnen som sjølve varemerket for dei nordlege polarområda. Han blir rekna som det største landlevande rovdyret i verda. Berre kodiakbjørnen i Alaska kan g jere han rangen stridig, men førebels er det isbjørnen som har verdsrekorden. Rekordhaldaren blei skoten i Alaska i 1960 og vog 1003 kilo. Men det er sjeldan dei blir så store.

NK 1777
Isbjørn

På Svalbard veg ein fullvaksen bjørn rundt 500 kilo og blir vanlegvis opp til 25 år gammal. Den eldste isbjørnen som er registrert på Svalbard, var ei binne på 32 år. Truleg er det rundt 1500 dyr der no.

All jakt på isbjørn (Svalbard) blei innstilt i 1973. Klimaendringane er i ferd med å skape alvorlege problem for isbjørnen, og nyare forsking frå Arktis viser ei urovekkjande utvikling. Isen som dekkjer polbassenget, kan bli borte om sommaren i løpet av dette hundreåret. Samtidig kan vintrane, altså periodane då ny is blir danna, bli kortare. Det blir mindre både av leveområde og høve til å jakte på sel. Over 90 % av kosten til isbjørnen er sel.

Fakta

NK: 1777 - 1778
Utgjevingsdag: 3. januar 2011
Verdiar og motiv: kr 17,00: Isbjørn (Ursus maritimus)
Foto: © Tom Schandy / NN / Samfoto
kr 27,00: Moskus (Ovibos moschatus)
Foto: © Tom Schandy / NN / Samfoto
Design: Inger Sandved Anfinsen
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Royal Joh. Enschedé, Nederland