15. juni 2012 - Norske fyrtårn III

I Postens frimerkeserie om norske fyr er turen denne gongen kommen til Kavringen og Medfjordbåen, begge i Oslofjorden. Dei har begge status som fyrlykter.

Kavringen fyr blei bygd i 1892 og ligg på Søndre Kavringdynge i vestre innseglingsleia til Oslo hamn. Til då hadde det vore to fyr i Oslo hamn, Heggholmen og Dyna. Desse låg i skipsløpet som frå gammalt av var hovudinnseglingsleia, men mot slutten av 1800-talet tok større skip til å føretrekkje vestre løpet mellom Kavringen og Hovedøya, rundt Vippetangen og inn til Bjørvika. Etter at DS Norge grunnstøytte ved Kavringen i 1890, vart det reist krav om at vestre løpet måtte bli betre opplyst. Berre to år seinare var Kavringen fyr ferdigbygd og sett i drift.

NK 1821
Kavringen fyr ved Oslo havn

Fram til 1956 hadde fyrvaktaren på Dyna fyr også ansvaret for Kavringen. Då blei begge fyra automatiserte og fyrvaktarstillinga inndregen. Som ein del av markeringa av Oslos 1000-årsjubileum i 2000 blei ein tidskapsel av titan bolta fast inne i fyret på St. Hallvards dag, 15. mai. Kapselen er forma som ein kopi av lyktehusdelen av fyret og inneheld brev og helsingar til framtida frå osloborgarane. Kapselen kan først opnast i år 3000.

NK 1822
Medfjordbåen fyr utenfor Slagentangen i ytre Oslofjord

Medfjordbåen er eit undervasskjer midt i Oslofjorden utanfor Slagentangen i Vestfold. Fyret her blei bygd og sett i drift i 1876. For deltakarane i den årlege Færderseilasen er Medfjordbåen eit kjent rundingsmerke på vegen mot Åsgårdstrand og Horten.

Fakta

NK 1821-1822
Utgjevingsdag: 15. juni 2012
Verdiar og motiv: A innland: Kavringen fyr
                            A innland: Medfjordbåen fyr
Foto: © Søren Rodriguez
Design: Benjamin Stenmarck, Neue Design Studio
Trykkmetode:Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print