21. februar 2012 - Norsk kunst V

Som 15-åring laga Håkon Stenstadvold (1912– 1977) bokillustrasjonar til Norges historia. I åra som følgde, utførte han fantasifulle akvarellar og innleidde sin viktige innsats som bokkunstnar.

I 1931 fekk han plass på Statens handverks- og kunstindustriskole, og året etter også på Statens kunstakademi. I 1934 debuterte han på Haustutstillinga med Middag på Borregaard. Det skulle ikkje bli det einaste biletet med motiv frå fødebyen Sarpsborg og industrifylket Østfold. Han skildra òg den stillferdige og udramatiske naturen i fylket, for Stenstadvold var først og fremst ein figurativ målar.

1805
Griff, fra Lars Utnes utsmykking av Nasjonalgalleriet



Etter krigen utfalda han stor aktivitet både som målar og grafikar. Ein vesentleg innsats gjorde han også innan tekstilkunsten. Til Oslo rådhus leverte han to utkast til biletteppe, som blei utførte som vev av Else Halling i 1952. Samtidig med dei dekorative arbeida utførte Stenstadvold ei lang rekkje portrett. Stenstadvolds storverk som biletkunstnar er likevel teikningane til Sigrid Undsets Kristin Lavransdatter. Der har han i ca. 130 penneteikningar gjenskapt dei mange dramatiske scenene frå boka.

1806
”Branntomt”, av Håkon Stenstadvold

Alt som liten gut viste Lars Utne (1862– 1922) uvanlege evner med å skjere i tre. Han kom tidleg til treskjerarskulen i Kinsarvik og blei deretter teken opp ved Den Kgl. Tegneskole i Kristiania. Deretter bar det ut i Europa, med studieturar til Paris, København og Berlin. I Berlin fekk han plass ved den store verkstaden til professor Otto Lessing, og her skaffa han seg innsikt i å innpasse figurkomposisjon og ornamentikk i ny monumentalarkitektur.

Han fekk m.a. i oppdrag å utføre dekorative relieff og fleire kolossalgrupper til riksdagsbygningens Wandelhalle og figurar på begge sider av hovudinngangen. I 1896 slo Utne seg ned i Kristiania og fekk snart store oppdrag med å dekorere offentlege monumentalbygg. Mest omfattande blant desse var arbeida til utsmykking av Nationaltheatret. Produksjonen hans omfattar òg ei rekkje portrettbyster og -relieff. Gutten med beltet (1915), som står i Nasjonalgalleriet, blir rekna som hans viktigaste verk. Han har òg modellert medaljar, m.a. til Carnegies heltefond.

Fakta

NK:  1805-1806
Utgjevingsdag: 21. februar 2012
Verdiar og motiv: B innland: Griff, frå Lars Utne si utsmykking av Nasjonalgalleriet
Kr 14,00: Håkon Stenstadvold: Branntomt, 1965
 © Håkon Stenstadvold / BONO 2009
Design: Enzo Finger Design
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print