21. februar 2012 - Personleg frimerke

Sei det med blomar.

Sidan 2006 har kreative norske amatørfotografar laga tusenvis av frimerkemotiv til glede for hundretusenvis av brev- og postkortmottakarar. I dei offisielle utgivingane av Personlege frimerke har Posten valt ulike standardmotiv. Denne gongen fall valet på peonar. Eit godt val.

NK 1807
Peon

Peonen seiest å vere ein av de vakraste staudane du kan plante i hagen. Dei vanlegaste fargane er rosa, raudt og kvitt, som kan gå over i lyseraudt, lilla og kremkvitt. Dei er slett ikkje vanskelege å få til så lenge du behandlar plantane rett frå starten av. Det betyr at plantestaden må veljast med omhug. Helst må det vere ein stad med sol heile dagen, gjerne i moldrik jord. Då veks dei seg ca. 60 cm høge og vil blomstre kvart år. I mange, mange år.

Blant bileta som blir sende inn til Posten for å bli til frimerkemotiv, er det også mange blomar. Å ta gode bilete av blomar er slett ikkje så lett som ein skulle tru, men sanneleg er det mange blomeblinkskot som i taggete form blir vakker og nyttig dekor på brev og postkort.

Personlege frimerke går sin sigersgang over heile verda. Det starta på slutten av 1990-talet, først berre som taggete etikettar utan valør og landsnamn. Seinare fekk dei status som frimerke. Og det er ikkje berre privatpersonar som komponerer eigne frimerke. Forretningskundar hos Posten bruker frimerke til å profilere bedrifta, mens organisasjonar markerer jubileum med å «komme på frimerke». Freista til å prøve? Klikk deg inn på posten.no/personlige, overfør motivfoto og send bestilling. Etter kort tid får du frimerka tilsende i ark à 20 eller hefte à 8 sjølvklebande frimerke. Lykke til!!

Fakta

NK: 1807
Utgjevingsdag: 21. februar 2012
Verdi og motiv: A innland: Peon
Design: Enzo Finger
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print