21. mars 2012 - Livet på havet (Norden-frimerke)

Reddar liv på havet Temaet for Nordenfrimerka i år er livet på havet. Den norske utgivinga fortel om redningstenesta.

Utan fjordar og bukter er den norske kystlinja 2 650 km lang. Medrekna fjordar og bukter er ho ca. 21 000 km, tilsvarande halvparten av lengda rundt ekvator. Utanfor denne kysten har vi nokre av dei mest ugjestmilde havområda i verda, ofte stormfulle og isande kalde, med tåke og nedbør. I dette utfordrande farvatnet går det føre seg ein omfattande maritim aktivitet, betydelege fiskeri og offshoreverksemd med mange olje- og gassinstallasjonar. Då er det ikkje til å unngå at det kan skje ulykker, og at menneske kan komme i naud. Det krev ei effektiv redningsteneste.

NK 1810
Sea King redningshelikopter, båtbrann

Den første organiserte redningstenesta i Noreg var tufta på eit privat tiltak som førte til at Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning (Redningsselskapet) blei etablert i 1891. Verksemda blei gradvis bygd ut til å omfatte heile kysten. Etter kvart blei også den offentlege innsatsen sterkare, og andre private og ideelle organisasjonar deltok i aukande grad i ulike redningsoperasjonar.

På 1950-talet innsåg styresmaktene at ansvarsforholda var uklare, og at redningstenesta leid under mangel på samordning. Eit offentleg utval la derfor i 1959 fram eit forslag om samordning av redningstenesta. Her blei grunnlaget lagt for ei sterkare offentleg styring av tenesta. Fleire alvorlege ulykker i siste halvdelen av 1960-talet førte òg til at det i 1970 blei oppretta to hovudredningssentralar, i Bodø og Stavanger, og lokale redningssentralar ved alle landets politidistrikt. Samtidig blei det etablert ei moderne og profesjonell redningshelikopterteneste langs kysten.

Norsk redningsteneste kan beskrivast som ein nasjonal dugnad. Her deltek offentlege verksemder i samarbeid med ideelle og frivillige organisasjonar som Redningsselskapet, Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Radio Relæ Liga. Dei to hovudredningssentralane leier og koordinerer dei enkelte operasjonane.

Fakta

NK 1810
Utgjevingsdag: 21. mars 2012
Verdi og motiv: A Europa: Sea King redningshelikopter
(frimerke), båtbrann (miniatyrark).
Foto: © Stian Lysberg Solum/Scanpix (frimerke),
© 330 Skvadronen, Rygge/Scanpix (miniatyrark)
Design: Gina Rose
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print.