Til hovedinnhold

10. juni 2013 - Postkøyretøy (Europafrimerke)

I Noreg har Posten alltid utvikla seg i nært samspel med den tekniske utviklinga av kommunikasjonsmidla.


Og Posten gjekk ofte føre, som i 1827. Då blei det ved kongeleg resolusjon bestemt at det for Postens rekning skulle kjøpast inn to dampskip for å forbetre posttrafikken langs kysten og til utlandet. Med kjøpet av «Constitutionen» og «Prinds Carl» blei Posten landets første dampskipsreiar.

NK 1849
Harley-Davidson motorsykkel (1932)

lik dampskipa revolusjonerte trafikken (og postgangen) langs kysten, g jorde jernbana det same i innlandet. I 1854 opna den første norske jernbanelinja mellom Christiania og Eidsvoll. I jernbanelova av 1848 var det nedfelt at posten skulle sendast med jernbane, og at postopneria skulle leggast til jernbanestasjonane. Den omfattande jernbaneutbygginga som blei gjennomført i tiåra som følgde, fekk stor betydning for postgangen. På jernbanestrekningane blei det oppretta postekspedisjonar, og her blei det sortert og delt ut post undervegs.

NK 1850
Ford Transit Connect Electric

Den første posttransporten med bil skjedde med ruta som i 1913 blei oppretta mellom Otta og Åndalsnes. I 1917 løyvde Stortinget midlar til å etablere ein bilpark i Posten, og på slutten av 1920-talet blei det òg kjøpt inn motorsyklar. Motorsykkelen var ein utsett arbeidsplass, særleg om vinteren. På grunn av mykje sjukdom blant førarane blei syklane fasa ut rundt 1937 og erstatta av bilar. På denne tida var posttrafikken med bil kommen opp i 80 %. Hestetrafikken var redusert til 7 %. I 1920 fekk posten venger. Då opna den første offisielle flyruta i Noreg på strekninga Horten– Oslo–Arendal–Kristiansand. Og Posten var med, rett nok i liten målestokk i starten, men etter kvart som fleire flyruter blei oppretta, var ein ny epoke i posttransporten i Noreg innleidd.

Postkøyretøy er temaet for frimerkeutgivinga. På motiva er det avbilda ein Harley-Davidson 1932-modell (står i dag på Postmuseet på Maihaugen) og ein splitter ny Ford Connect Electric. Posten gjekk til innkjøp av el-bilar (Think) allereie i 1994 og har seinare satsa på å byggje opp ein betydeleg el-bilpark. Frå 2012 er det òg kjøpt inn ei rekkje bilar som går på biogass og naturgass.

Fakta

NK 1849-1850
Utgjevingsdag: 10. juni 2013
Verdiar og motiv:
Kr 13,00: Harley-Davidson motorsykkel (1932)
Kr 15,00: Ford Transit Connect Electric
Foto: © Postmuseet (NK 1849)
© Posten Norge AS (NK 1850)
Design: Madeleine M. Karlstrøm
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print