19. april 2013 - Kong Karl Johan 250 år

Historia om Karl Johan er spesiell. Frå eit liv som meinig fransk soldat avanserte han til å sitje på dobbelttrona på den skandinaviske halvøya som herskar over Sverige og Noreg.

Jean-Baptiste Bernadotte blei fødd i den vesle sørfranske byen Pau i 1763. Som 17 år gammal rekrutt utmerkte han seg snart som ein god soldat i den kongelege armeen, og i 1794 vart han utnemnd til brigadegeneral.

I 1809 skjer det dramatiske ting i Sverige. Gjennom eit statskupp blir kong Gustav IV Adolf tvinga til å abdisere. Riksdagen utnemner hertugen av Södermanland til ny konge under namnet Karl II. Det veks òg fram eit ønske om å knyte Sverige nærmare til det store franske keisardømmet. Auga fell på Jean-Baptiste Bernadotte, kjend som ein av Napoleons dyktigaste generalar. Og slik blir det. Samrøystes utnemner Riksdagen Bernadotte til tronfølg jar under namnet Karl Johan. I 1818 døyr Karl II, og Karl Johan blir utropt til konge av Sverige og Noreg. Same året blir han også formelt krona til norsk konge (Karl III Johan). Seremonien finn stad i Nidarosdomen.

NK 1848
Brynjulv Bergsliens statue av kong Karl Johan foran det kongelige slott i Oslo

Med Kielfreden i 1814 hadde danskekongen måtta overgi Noreg til kongen av Sverige. Karl Johan skal snart oppleve at det er stor forskjell på dei to nabolanda. Mens svenskane tviheldt på det aristokratiske systemet rundt kongemakta, var straumdraga i den unge norske staten annleis. Her ville ein ha reformer og stadig meir fridom, i eit tempo Karl Johan hadde vanskar med å følg je. Og Noreg sitt nostalgiske tilhøve til 1814 og Grunnlova skulle bli ei evig kjelde til irritasjon for kongen.

I 1825 la Karl Johan og dronning Desirée ned grunnsteinen til slottet i Christiania. Kongen hadde sjølv valt plasseringa, og med slottsprosjektet skulle han vise sin velvilje overfor nordmennene. Slottet stod ferdig i 1848.

Når Karl Johan kom til Noreg, var det alltid som suveren monark og statsleiar. Han  gjorde fleire reiser rundt om i landet. Ei av de siste lengre reisene fann stad sommaren 1835. Turen gjekk opp gjennom Sverige til Norrland, derfrå til Trondheim og ned Østerdalen til Christiania. Han blei godt motteken og fortalde sjølv at han overalt blei møtt med jubel. Dei siste åra av livet til Karl Johan blei imidlertid ei blanding av tilbaketrekt tilvære og opprivande politiske hendingar i Sverige. Etter kvart fekk han mindre innverknad og blei ramma av sjukdommar. I 1844 døydde han.

Fakta

NK 1848
Utgjevingsdag: 19. april 2013
Verdi og motiv: Kr 30,00: Karl Johan-monumentet
på Slottsplassen
Design og gravyre: Sverre Morken
Trykkmetode: Ståltrykk / offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print