9. september 2013 - Språkåret 2013

Eitt av måla med «Språkåret 2013» var å setje søkjelys på nynorsk og auke det språklege medvitet til nynorskbrukarane.

Det var ikkje tilfeldig at det fall saman med 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret. Det var Ivar Aasen (1813–96) som var opphavsmannen til nynorsk (landsmål) som skriftspråk. Med stipend frå Vitenskabsselskabet i Trondhjem reiste han i fire år landet rundt og lytta til dialektar.

NK 1858
Ivar Aasen. I bakgrunnen teksten til "Mellom bakkar og berg"

I 1848 gav han ut «Det norske Folkesprogs Grammatikk». To år seinare kom «Ordbog over det norske Folkesprog» med over 25 000 ord. Boka blei møtt med begeistring, og snart blei Ivar Aasen tildelt livsvarig stipend. Eigentleg skreiv han lite, men språkarbeidet var kompetent utført sjølv omhan mangla formell utdanning. Han var heller ingen organisasjonsmann eller agitator. Det var først og fremst Arne Garborg som skapte den organiserte landsmålsrørsla. I 1885 oppnådde dei en stor siger då Stortinget fatta det såkalla jamstillingsvedtaket.Det gav landsmålet rett til å bli betrakta som eit likeverdig uttrykk for norsk språk.

NK 1859
Lasse Kolstad i ei scene frå "Spelemann på taket"

Stimulert av framgangen til landsmålsrørsla blei det òg arbeidd for å etablere eit eige teater basert på eit repertoar på landsmål. Etter initiativ frå Hulda Garborg og Edvard Drabløs, med Rasmus Rasmussen som første teatersjef, opna Det Norske Teatret 2. januar 1913 turné i Kristiansand med Ivar «Aasens Ervingen» og Hulda Garborgs «Rationelt Fjøsstell». Teateret hadde si første framsyning i Kristiania 6. oktober same året, i Bøndernes Hus, med «Jeppe på Berget» av Ludvig Holberg, omsett til landsmål av Arne Garborg. I periodane 1913–31 og 1934–45 heldt Det Norske Teatret til i Bøndernes Hus. I 1945 flytta teateret inn i lokala til det tidlegare Casino i Stortingsgata. Der hadde det tilhald til det i 1985 kunne flytte inn i eige, nyoppført teaterhus i Kristian IVs gate. Her er det oppføringar på fire scener.

Fakta

NK 1858-1859
Utgjevingsdag: 9. september 2013
Verdiar og motiv:
A innland: Ivar Aasen
A innland: Lasse Kolstad i «Spelemann på taket»
Design: Stian Hole
Foto: Carl Christian Wischmann (NK 1858)
© Fotograf Sturlason / Det Norske Teatret (NK 1859)
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print