1. august 2014 - Norges Sjakkforbund 100 år

Samstundes med at sjakk-OL blir arrangert i Tromsø, feirar Posten Norges Sjakkforbund (NSF) med å gje ut eit eige frimerke. NSF er 100 år i 2014, og jubilanten kan glede seg over ei veksande interesse for sjakkspelet over heile landet.

2 500 medlemmar fordelte på 105 klubbar i 16 sjakk-krinsar kan lett bli fleire etter at Magnus Carlsen vann verdsmeisterskapen i vinter. Held han fast på posisjonen som den fremste sjakkspelaren i verda, kan ein vente ytterlegare auka omtale for sjakken i alle media.

NK 1890
Magnus Carlsen og sjakkbrikker

Norsk Schakforbund vart stifta 20. juli 1914 i Kristiania. Seinare var både sjakkentusiastane og idretten delt i to forbund; Arbeidernes Idrettsforbund hadde faktisk fleire sjakkmedlemmar enn Sjakkforbundet. Etter 2. verdskrigen, ein periode med idrettsstreik og nedlagde sjakkaktivitetar, møttes partane i 1946 og både sjakk- og idrettsmiljø fekk ein organisasjon. Norges Sjakkforbund blei det nye namnet, og ein sette straks i gang med å arrangere turneringar og både for nye og meir rutinerte spelarar.

Effekten av bragdene til Magnus Carlsen er ein kraftig stimulans for sjakken i Noreg, og forbundet har utvida administrasjonen for å møte den aukande interessa. Når det 41. Sjakk-OL tek til i Tromsø 1. august, er det fire år sidan byen vann den norske kampen om å få tildelt arrangementet.
I 2010 valde generalforsamlinga i det internasjonale sjakkforbundet Tromsø som arrangør av 41st «Chess Olympiad 2014». Sjakk-OL i Tromsø har ført til mykje merksemd for sjakksporten, og salet av både sjakkbrett og brikker i Noreg har auka sterkt. Norges Sjakkforbund er ein svært vital 100-åring som kan vente kraftig vekst i åra framover.

Fakta

NK 1890
Utgjevingsdag: 1. august 2014
Verdi og motiv:
Kr 15,00: Magnus Carlsen og sjakkbrikker
Design og gravyre: Arild Yttri
Foto: © Oli Scharff / Getty Images
Trykkmetode: Ståltrykk / offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print