17. mars 2014 - Norden ved havet – Skip

Med ei kystline som vår er det ikkje meir enn naturleg at folket ved kysten, så langt vi kan sjå attende i tid, fann utvegar til å ta seg fram på havet.

Vikingskipa tok oss både i vesterlei og austerlei, og utviklinga av fartøy til å ta fisken opp av havet med gjorde skipsbygging til ein berebjelke i norsk kystindustri.

I vel 40 år med utvikling av norsk oljerelatert næringsverksemd, fekk dei kreative miljøa rundt skipsbygging nye utfordringar. Det norske oljeeventyret starta, og ved norskekysten sat verftsindustrien klar. Plattformene skulle byggjast, men dei greidde seg ikkje åleine langt til havs.

NK 1875
M/S "Normand Arctic" og oljeplattformen "Veslefrikk"

Supply-båtane, støttefartøya som i alt slags ver var trufaste støttespelarar, blei utvikla av verftsmiljø på norskekysten. PSV, eller «platform supply vessel» er den internasjonale nemninga på desse fartøya. Dei fraktar naudsynte varer og forsyningar, og utfører mange ulike oppdrag til havs. Proviant og reservedelar er nokre av varene dei fraktar, men i tillegg utfører PSV mange oppgåver som krev høg teknologisk kompetanse hjå dei som har arbeid om bord.

Aker Langsten har bygd PSV-båten «Nordmand Arctic» som er motivet på det norske frimerket i den fellesnordiske serien Norden ved havet.

Aker Yards Langsten er ein del av  Aker Yards Gruppen, ei internasjonal gruppe med skipsverft som fokuserer på komplekse og avanserte fartøy. Frå starten i 1945 i Tomrefjorden, ikkje langt frå Ålesund, har dei bygd ferjer, passasjerbåtar og seismiske fartøy du finn mange stader på kloden. Langsten AS har på snaue 70 år utvikla seg til å bli det største skipsverftet i sitt slag i Europa og det femte største i verda.

Fakta

NK 1875
Utgjevingsdag: 17. mars 2014
Verdier og motiv:
A Europa: M/S «Nordmand Arctic».
Miniatyrark: Oljeplattformen «Veslefrikk»
Design: Gina Rose
Foto: © Harald M. Valderhaug,
© Roger Hardy / Samfoto (miniatyrark)
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print