2. januar 2014 - Ville dyr i Noreg

Dei første to frimerka i 2014 viser to velkjende dyr frå den norske faunaen. På kvart sitt vis har dei begge ein spesiell plass i vårt bilete av ville dyr i det norske landskapet.

Hjorten (cervus elaphus) er av mange sett på som det vakraste av hjortedyra. Han har gjeve namn til heile den drøvtyggande familien, der rådyr, rein og elg høyrer heime. Hanndyret er ein bukk medan hoa vert kalla hind. Kalvane er namnet på avkomet, og dei veks opp i lag med hinden i flokk. Bukkane held seg for seg sjølve utanom paringstida. Det er berre bukkane som har gevir, og det er ofte vel ein halv meter langt. Blir det større, med takkar og forma som ei krone, kallar vi eigaren ein kronhjort. Dei største gevira kan ha over 10 takkar i krona. Mange trur at hjorten ber det same geviret til dei døyr. Det er ikkje tilfelle. Hjorten feller geviret etter vinteren, og fire månader seinare er det nye geviret ferdig utvokse. Gevirpryden minkar med alderen og dei gamle returbukkane lever til dei er 20-30 år dersom dei ikkje alt har blitt felte i haustjakta.

NK 1868
Hjort

Hjorten i Noreg har vore ein «vestlending » heilt til dei siste vel femten åra. Bestanden har auka kraftig og hjorten har spreidd seg austover på stutt tid. Hjortejakta har blitt ein viktig del av haustprogrammet for norske jegerar. Det blir felt over 30 000 dyr i jakta, som startar i september. Talet på fellingsløyve er aukande.

Grevlingen (meles meles) er ein lågbeint, langsnuta skapning som helst kjem ut av hiet sitt når menneska ligg i djup søvn. Dette mårdyret er spreidd over heile det området vi kallar Eurasia. Grensa for spreiinga i Noreg er om lag midt i landet, og størst er bestanden i sør, i Agderfylka og i Telemark. I Telemark vert han kalla svintoks, og dei som vaks opp på gard visste ofte at dei hadde ein grevlingfamilie på garden.

NK 1869
Grevling

Grevlingen er stort sett eit nattdyr, og det er ikkje lett å få sjå han. Ser ein ein grevling er det ofte fordi han ligg daud i vegkanten etter at han har subba seg litt for sakte over hovudvegen. Det døyr mange grevlingar i trafikken i Noreg. Grevlingen søker seg gjerne ned i holer og under hus utan grunnmur. Det er grunnen til at han finn hus og grev hi under låvar og stabbur på landsbygda. Ute i naturen held han helst hus i skråningar i blandingsskog. Grevlingen held seg i hiet over vinteren og når han vaknar på våren, veg han under ti kilo. Fram mot neste vinter feitar grevlingen seg opp på meitemark og andre godsaker, og når han kryp inn i vinterdvalen att, kan han vege 15-20 kilo, ja kanskje meir enn det.


For hageeigarar er grevlingen fin fordi han ser på den forhatte brunsnigelen som ein delikatesse! Det kan ofte vege opp for at han har rota i bed og komposthaugar. Historiane om natteranglarar som har møtt sinte grevlingar på veg heimatt om natta, er mange. Fleire av desse sogene er nok oppdikta, for grevlingen er sky og ufarleg for menneska dersom han ikkje kjenner seg truga. Grevlingen lever i tette familie- eller klanmønster, og inntrengarar i klanen blir møtt med kraftig, for ikkje å seie dødeleg, motstand

Fakta

NK 1868-1869
Utgjevingsdag: 2. januar 2014
Verdiar og motiv:
Kr 19,00: Hjort (Cervus elaphus)
Kr 35,00: Grevling (Meles meles)
Design: Inger Sandved Anfinsen
Foto: © Jakob Vorraa / Samfoto / NTB Scanpix (NK 1868)
© Tore Wuttudal / Samfoto / NTB Scanpix (NK 1869)
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print