28. april 2014 - Turistfrimerker

«Vikingturismen» i Noreg skaut fart med opninga av Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo i 1926.

Det over 20 meter lange Osebergskipet vart grave ut alt i 1904 og etter månader med arbeid var alle bitane av skipet lagra i Oslo. I nær 90 år har både Osebergskipet, Gokstadskipet, Tuneskipet og alle dei vakre tinga ein fann ved utgravingane vore samla på Bygdøy.

NK 1876
Vikingkvinne framfor langhuset på Lofotr Viking-museum samt bronsespenne frå Gudbrandsdalen

Lofotr Vikingmuseum ligg på Borg i Lofoten. Museet er bygd opp på hustuftene til eit stort hovdinghus, den lengste bygningen vi veit om frå vikingtida. Museet i Lofoten er eit aktivitetssenter der ein prøver å attskape livet i mellom 793 og 1066, perioden som historikarane reknar som vikingtida. Haugesund og Karmøy har stått sentralt med vikingattraksjonar sidan 1872. Då blei Riksmonumentet Haraldshaugen (Haraldsstøtta) avduka for å markere slaget ved Hafrsfjord i 872 og grava til Harald Hårfagre. Tusenvis av turistar og skuleborn har valfarta til Haraldshaugen for å feire samlinga av Noreg til eitt rike.

NK 1877
Vikingar i kamp samt vikinghjelm frå Ringerike

På Avaldsnes ligg vikinggarden på Bukkøy, der ein feirar ein vikingfestival kvar sommar i juni. Dei rekonstruerte vikinghusa er ei truverdig ramme rundt populære aktivitetar både for born og vaksne.

NK 1878
Vikingskipet "Draken Harald Hårfagre"

Nærøyfjorden i Sogn spela ei viktig rolle i vikingtida. Dette markerar dei i «Vikingenes Dal» med «Gudvangen Vikingmarked og Norrøne Sommerleker» i juli. Her søker ein å finne fram til særpreg og aktivitetar frå vikingtida slik at både smak og lukt og opplevingane skal vera så autentiske som råd er.

Stiklestad Nasjonale Kultursenter har som hovudansvar å formidle kunnskap om Olav den Heilage og slaget på Stiklestad i 1030. Dette gjer ein gjennom alle tenkelege aktivitetar for skuleklassar, studentar og tilreisande. Det kjende Stiklestadspelet, «Spelet om Heilag Olav» blir arrangert kvar sommar i slutten av juni.

Fakta

NK 1876-1878
Utgjevingsdag: 28. april 2014
Verdiar og motiv:
A innland: Vikingkvinne framfor langhuset på Lofotr
Vikingmuseum samt bronsespenne frå Gudbrandsdalen
A Europa: Vikingar i kamp og vikinghjelm frå Ringerike
A verda: Vikingskipet «Draken Harald Hårfagre»
Design: Kristin Granli
Foto: © (NK 1876) Kjell Ove Storvik, © (NK 1877) Espen
Winther, © (NK 1878) Arne-Terje Sæther/Kasavi
Illustrasjonar: Kristin Granli
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print