2. januar 2015 - Ville dyr i Noreg

Hubroen er den store rovfuglen som er sjølve symbolet på klokskap og lærdom. Alt frå store forlagshus til Harry Potter har nytta seg av ulike typar ugler for å styrke profilen med kunnskap og klokskap.

Ein fullvaksen hubro har eit vengjespenn på mellom 1,50 og 1,80 meter. Den raskaste måten å kjenne ein hubro att på er dei høge «augnebryna» eller dei buskete fjørtoppane som mest liknar horn.

1898
Hubro

Sjølv i mørkret ser han godt, og vengjene er bygde slik at hubroen fer mest lydlaust fram, sjølv i temmeleg tjukk skog. I kystnære område tek hubroen måsar og sjøfugl, i innlandet er det små-gnagarar og hare som kjem høgt opp på menyen.

Hubroen hekkar ikkje før den er 2-3 år gamal. Eit hubropar er trufast, dei held i hop livet ut. Det er vanleg med opp til seks egg i reiret i mars, men egga treng over ein månad på å bli klekte ut. Deretter er det to månader før ungane kan flyge, og nye fire månader til før dei kan greie seg på eiga hand.

Før fredinga i 1971 var det jakta på hubroen som heldt på øydeleggje arten. Dei seinare åra er det kraftmastene som verkar som ein elektrisk stol på hubroen. Hubroen likar å sitje høgt for å speide utover jaktmarkene. Dei sit slik lenge for så å flytte seg til eit anna høgt punkt for å skaffe seg oversikt frå ein annan vinkel. Til dette er kraftmastene perfekte - hadde dei ikkje vore fulle av straum.

Bergens Tidende fortalde i 2012 om dei første sitjepinnanne for hubro i kraftmaster. Sjølve tverrstonga i masta med straum er påmontert piggar slik at hubroen held seg vekke, men på endane av tverrstonga er det påmontert på for­lenga stenger der hubroen kan sitje trygt. Etter at dei første ti blei plasserte ut på Tjeldstø i Øygarden i 2012 går det lengre tid mellom kvar gong ein finn daude hubroar ved kraftmastene.I dag hekkar  mellom 1400 og 2000 par med hubro i Noreg.

Fakta

NK: 1898
Utgjevingsdag: 2. januar 2015
Verdi og motiv: Kr 31,00: Hubro (Bubo bubo)
Foto: © Stig Tronvold / NN / Samfoto / NTB scanpix
Design: Inger Sandved Anfinsen
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print