3. oktober 2015 - Høyesterett 200 år

Vår eigen norske Høgsterett vart offisielt opna 30. juni 1815. Men alt året før var det nedfelt i Grunnlova at «Høiesteret dømmer i sidste Instans».

Høgsterett er ein ankedomstol som handsamar ankar over avgjerder som er gjorde i ein lågare domstol. Dette gjeld både sivile saker og straffesaker, og Høgsterett har fullmakt på alle rettsområde. Likevel er det verdt å merke seg at Høgsterett ikkje tek stilling til spørsmål om skuld i straffesaker.

NK 1916
Høgsteretts hus

Før ei sak kjem til handsaming i Høgsterett blir saka vurdert av ankeutvalet. Dette utvalet er ein instans som silar sakene slik at berre dei som er viktige nok kjem til handsaming i vår høgste rettsinstans.

Høgsterett held til i Oslo og blir leia av ein justitiarius. Den fyrste høgsterettsjustitiarius i Noreg vart tilsett alt i september 1814. Johan Randulf Bull sat i denne posisjonen fram til 1827, då Christian Magnus Falsen overtok jobben.

Høgsterett spela ei viktig rolle ved den tyske okkupasjonen av Noreg i april 1940. Dei utnemnde Administrasjonsrådet alt seks dagar etter det tyske åtaket, og då tyskarane sette i gang arbeidet med å uthole det norske rettssystemet, skreiv Høgsterett til Reichskommisar Josef Terboven og peika på at tyskarane gjorde seg skuldige i brot på folkeretten. Då dette brevet ikkje gav resultat, la alle domarane ned arbeidet sitt 21. desember 1940. Dette var ei symbolsak som vart viktig for motstandsarbeidet i Noreg.

Høgsterett har i dag 20 domarar. Kvar sak blir handsama av fem domarar, og retten er delt i to avdelingar som arbeider parallelt. Frå 2008 vart det gjennomført ei endring som gjer at særleg viktige saker kan bli handsama i storkammer, ei samling med 11 av domarane i Høgsterett. I heilt særlege tilfelle kan det verte bestemt at saka skal avgjerast av Høgsterett i plenum.

Fakta

NK 1916
Utgjevingsdag: 3. oktober 2015
Verdi og motiv: Kr 20,00: Høgsteretts hus, Oslo
Foto: © Fotograf Sturlason
Design og gravyre: Sverre Morken
Trykkmetode: Ståltrykk / offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print