5. juni 2015 - Fyrtårn

Kvitsøy fyr, Rogaland Oppretta i 1700, automatisert og avfolka i 1969. Utanfor Stavanger ligg fyret som har sikra innseglinga til byen i over 300 år.

Det 18 meter høge tårnet i mur vi ser på frimerket blei påbyrja i 1827. Først i 1939 vart det lagt inn straum til fyret på Kvitsøy. Fyret er eit viktig kulturminne i Kvitsøy kommune.

NK 1910
Kvitsøy fyr

Slåtterøy fyr, Hordaland
Oppretta i 1859, avfolka i 2003. Slåtterøy i Bømlo kommune vart bygd for å sikre ei tryggare innsegling til Bergen frå sør. Det over 25 meter høge tårnet vart bygd med støypejernsplater. Under siste verdskrigen vart Slåtterøy fyr utsett for åtak frå allierte styrkar. Den eine av døtrene til fyrvaktaren døydde av skadene etter eit åtak i 1940.

NK 1911
Slåtterøy fyr

Lindesnes fyr, Vest-Agder
Oppretta i 1655, avfolka i 2003. Frå den enkle starten med tretti store talgljos i 1656, vart det i 1723 bestemt at det skulle settjast i stand fyr både på Lindesnes og eit litt lenger vest på Markøy. Løysinga blei to store kolfyra gryter som skulle vera synlege frå sjøen. Lindesnes fyr i dag er eit 16 meter høgt støypejernstårn frå 1915. Som­maren 2004 opna opplevingssenteret som er sprengt ut i fjellet ved Lindesnes fyrstasjon. Opninga markerte feiringa av Lindesnes fyr som tusenårsstad i Vest-Agder fylke og starten på arbeidet med å gjera det eldste fyret i landet til eit nasjonalt museum for fyrstasjonane.

NK 1912
Lindesnes fyr

Kjeungskjæret fyr, Sør-Trøndelag
Oppretta i 1880, automatisert og avfolka i 1987. Utanfor Ørlandet stikk det eit raudt, åttekanta steintårn rett opp av sjøen. Men fyrtårnet står trygt fast på ein liten nabbe ytst i øygruppa Kjeungan. Bergnabben blir overflødd ved høgvatn og det må ha vore litt av ei utfordring for dei som bygde tårnet i åra 1879 – 80. Det første tårnet var på tre etasjar, og det vart gjort tre meter høgare i 1906.

NK 1913
Kjeungskjæret fyr

Fakta

NK 1910-1913
Utgjevingsdag: 5. juni 2015
Verdiar og motiv: A Europa: Kvitsøy fyr
A Europa: Slåtterøy fyr
A verda: Lindesnes fyr
A verda: Kjeungskjæret fyr
Foto: © Helge Sunde / Samfoto (NK 1910, 1911, 1913), © Inger Sandved Anfinsen (NK 1912)
Design: Inger Sandved Anfinsen
Trykkmetode: Offset
Trykkeri: Joh. Enschedé Security Print